Tevlingane foregår i hallen (GIA), på Gol samfunnshus og i Aulaen på Gol skule. Øvingsromma for hallen og Aulaen er på Gol skule og deltakarane registrerer seg her. Tevlingane på Gol samfunnshus har øvingsrom på Gol vgs. Du finn deltakarinngangen og registrering til høgre rett innanfor hovudinngangen. 

Alle får tilgang til øvingsrom 45 minutt før dei skal på scena. Deltakarane blir sendt frå øvingsrommet 15 minutt før dei skal på scena. I linken under ser de tidspunkt for når de får tilgang til øvingsrom og når det er berekna at de skal på scena. 

Vi ber om at deltakarane møter opp i god tid, nærmare ein time før de skal på scena er passeleg, da det kan skje at tevlinga går noko fortare unna enn planlagt. Øvingsromma opnar 45 minutt før første klasse startar. Tevlingslokalet åpnar ein time før tevlingsstart. Om nokon ønsker ekstra tid på øvingsrom har me nokon rom til overs som kan nyttast.  

Her kan du sjå oppdatert kjøreplan med tid for øvingsrom tidspunkt for deltaking (pdf-fil som vert lasta ned) Køyreplan_tevling_24_oppdatert_27.juni.xlsx

Fotografering av Reed
I klassane lagspel og lagdans har Reed eit tilbod om å ta gruppebilete rett etter deltakinga. Følg skilting. Vi oppmodar alle til å ta bilete, da desse både er trivlege å ha for lagsmedlemma og fine å ha til bildearkivet til FolkOrg. Om andre har lyst til å ta bilete er det mogleg å gjere dette torsdag frå kl 14:30 og fredag etter kl 15.

Ta kontakt om du lurar på noko eller treng bistand!
Anders Lunden Herfoss, tevlingsleiar tlf.986 21 033

Arena-ansvarlege Hallen (GIA) - Bjørn Søgnen tlf 950 48 554 og Marianne Jøtun Fauske tlf. 470 52 355

Arena.ansvarlege Gol Samfunnshus - Kjellfrid Resset tlf. 996 96 433 og Gro Kvåle tlf. 970 9203

Arena-ansvarleg Gol skule, Aulaen - Grethe Nestegard tlf. 993 68 684

 

Vi ber om at deltakarar som møter direkte ved scena og ikkje kjem på øvingsrommet, melder frå til dei aktuelle arenaansvarlege.