Instrumentutstillinga omfattar hardingfele, vanleg fele, langeleik, eldre folkemusikkinstrument som tre- og beinfløyter, lur, bukkehorn og munnharpe. Det er berre hardingfeler og vanleg feler som skal dømmast, men langeleik kan òg dømmast dersom det er ønske om det. 

Om årets utstilling
Deltakarane på instrumentutstillinga må vere medlem av FolkOrg for å delta. Det er same påmeldingstid og same vilkår for gradert påmeldingsavgift som for andre deltakarar på kappleiken.Påmeldinga opnar 1.april.

Normalt kan ikkje instrumenta vere eldre enn to år. Fordi det er fire år sidan førige instrumentutstilling, kan instrumenta vere opp til fire år gamle på årets utstilling.

Utstillinga vert i år sentralt plassert ved sidan av stemnekontoret på Rjukan Vidaregåande skule. Instrumenta som skal dømmast må vere levert innan kl. 12:00 onsdag 22.juni på stemnekontoret. Dømminga av instrumenta skjer onsdag og torsdag, og er berre open for dommarane. Instrumentutstillinga vert fredag og laurdag kl. 12:00 – 18:00 og er open for alle.

 

Vel møtt på utstillinga i løpet av kappleiksdagane! 

Kontaktperson for utstillinga er Lars Erik Øygarden (lesoyg@gmail.com).
Har du spørsmål angåande påmelding eller reglement, kontakt rådgjevar i FolkOrg Sina Myhr (sina@folkorg.no, 95442592)

 

 

Ottar Kåsa med hardingfela som vann gull under Landskapleiken i 2018
Ottar Kåsa med hardingfela si som vann gull under instrumentutstillinga på Landskappleiken i 2018.