Dato: fredag 24. juni og laurdag 25. juni 
Klokkeslett: 12.00 - 18.00 
Stad: Rjukan VGS - naturfagsalen

Startliste: Instrumentutstilling hardingfele 

Startliste: Instrumentutstilling langeleik 

Startliste: Instrumentutstilling andre instrument utan dømming

Resultatliste: vert publisert etter premieutdelinga

Instrumentutstillinga i år er open for instrument laga iløpet av dei siste 4 åra, som ikkje har vore utstild før. 

Instrumenta som skal dømmast må leverast innan kl 12:00 onsdag 22. juni på kappleikskontoret på Rjukan VGS.  

Instrumentutstilling har vore ein del av landskappleiken i mange år og har som regel vore arrangera annankvart år. I år kjem den attende etter fire år, og me er glad for å sjå at det er levera inn 12 instrument.

10 Hardingfeler 
1 langeleik 
1 salmodikon (skal ikkje vurderast)

Instrumenta vert dømd utifrå arbeid og tone, og har såleis to domarar som skal vurdere kvart instrument i desse kategoriane.  
Det vert gjeve poeng i kvar kategori og den samla summen avgjer premiegraden. 

Døming av instrument skjer på onsdag og torsdag.  
Publikum har tilgang fredag og laurdag.  
 

Instrumentutstilling - Landskappleiken 2016 
Foto: Runhild Heggem