Dato:  fredag 24. juni og laurdag 25. juni
Klokkeslett: 12.00 - 18.00
Stad: Rjukan VGS - biblioteket

Startliste: Instrumentutstilling hardingfele

Startliste: Instrumentutstilling langeleik

Startliste: Instrumentutstilling andre instrument utan dømming

Resultatliste: vert publisert etter premieutdelinga

Instrumentutstillinga i år er open for instrument laga iløpet av  dei siste 4 åra, som ikkje har vore utstild før.

Instrumentutstilling har vore ein del av landskappleiken i mange år og har som regel vore arrangera annankvart år. I år kjem den attende etter fire år, og me er glad for å sjå at det er levera inn 12 instrument.

10 Hardingfeler
1 langeleik
1 salmodikon (skal ikkje vurderast)

Instrumenta vert dømd utifrå arbeid og tone, og har såleis to domarar som skal vurdere kvart instrument i desse kategoriane. 
Det vert gjeve poeng i kvar kategori og den samla summen avgjer premiegraden. 

Døming av instrument skjer på onsdag og torsdag. 
Publikum har tilgang fredag og laurdag. 

Instrumentutstilling - Landskappleiken 2016
Foto: Runhild Heggem