Dato: torsdag 23. juni
Klokkeslett: kl 22.00
Stad: Baptiskyrka
Billettpris: 250,-

Billettar får du kjøpt på kappleikskontoret

Langeleiken tapa for hardingfela i Telemark gjennom 1800-talet. Den siste store langeleikspelaren i Tinn var Ågot Einung (1831-1911). 

Gøril Ramo Håve, trøndervækj som har slege seg ned i Haukeli og Kari Lønnestad frå Bø, har funne fram til stoff som Ågot kan ha spela, og elles vil dei fortelje om og gje oss smakebitar frå langeleiktradisjonen i Telemark.