Det er landskappleik-leiar Øystein Haugen som sjølv gjev den flotte gåva. Bak den flotte premien i yngste klasse ligg det ei spesiell historie:
Som ung felespelar hadde Øystein lånt ei god fele, men måtte levere den tilbake. Ein dag kom Terje Vindegg innom, ein trufast benkeslitar på alle kappleikar. Han meinte Øystein måtte få tak i ei anna fele. 

Øystein HaugenPå den tida var ei hardingfele laga av Knud Ellefsen Stenkjøndalen i 1893 til sals.

- Terje Vindegg meinte eg burde kjøpe fela, men eg fortalde at eg ikkje hadde råd. To dagar seinare kom Terje med ein plastpose med pengar og sa at no kan du handle, fortel Øystein Haugen. I posen låg det 50.000 kroner, og når han la på 10.000 sjølv fekk han seg ei flott fele. Den har tilhøyrt Gisle Maarumsrud frå Atrå.

På Landskappleiken 2020 blir Steinkjøndalen-fela hovudpremie i C-klassa i hardingfele. Det blir finalespel om den.

- No er det slik at eg føler at fela må ut te ein ungdom med talent. Det er eit veldig godt instrument. Eg synes ikkje noko om vandrepremiar så den skal vinnast 1 gong.
Det vert feil for meg å selje fela så derfor gjev eg ho bort. Nett slik som Terje.
Slik blir det, forsikrar Øystein Haugen

 

Stenkjøndalenfele.jpg