Her kan du lese kjøpsvilkåra for festivalcampingen:

Vi tilbyr plassar for campingvogn/bubil på midlertidig festivalcamping i området rundt arenaen i forbindelse med Landskappleiken 2023.

 

FASILITETAR PÅ CAMPINGEN

Toalett - festivaltoalett på området

Vatn - frå spring

Dusj i garderobe på arenaen

Straum

Det er ikkje lov å grille/bruke open ild på festivalcampingen. Dette grunna stavkyrkje og andre bygningar tett på campingplassen.

 

BESTILLING OG BETALING AV PLASSAR

I Nettbutikken vel du kva plass/plassar du ønskjer å kjøpe. Betaling skjer via nettbutikken når du bestiller plassen. Du kan velge mellom vipps eller kortbetaling.


Når du kjem til Landskappleiken vil du bli vist til din plass, det er ikkje anledning til å velge anna plass når du kjem enn den du har bestilt.

 

ALDERSGRENSE FOR BESTILLING

Aldersgrense for bestilling av campingvongplass/bubilplass er 18 år. Det skal væra ein person over 18 år på kvar campingvongplass/bubilplass som har førarkort, og som har ansvaret for vogn/bubil/bil.

 

OPNINGSTIDER OG INNSJEKK

Festivalcampingen opnar tysdag 20. juni klokka 12:00 og stengjer sundag 25. juni klokka 18:00

 

PARKERING

Det kan parkere ein bil per campingplass. Bilar som ikkje er tilknytt ein campingplass har ikkje adgang til campingplassen. 

 

SIKKERHEIT PÅ FESTIVALKAMPINGEN

Campingen har døgnkontinuerleg vakthald. Ikkje nøl med å seie ifrå om du har sett eller opplevd noko som ikkje høyrer heime på festivalkampingen til Landskappleiken.

 

AVBESTILLING AV PLASSAR

Frist for avbestilling er 14 dagar før Landskappleiken tek til. Avbestilling etter dette gjev ikkje rett til tilbakebetaling av utanom ved legeerklæring.

 

PERSONVERN

Sjå eigen personvernerklæring for landskappleiken.no

 

LOVVALG OG TVISTELØSNING

Kjøpsvilkåra skal tolkas og reguleras i henhald til norsk rett. Eventuelle tvister mellom kjøper og arrangør knytta til kjøpsvilkåra skal avgjerast ved alminnelege norske domstolear. Søksmål skal i slike tvister reisas for arrangørens verneting, som vedtatt verneting.

 

Når du vel å bestille plass på festivalcampingen i Lom 2023 så godtek du desse betingelsane. 

 

 

KONTAKTPERSON FOR FESTIVALCAMPINGEN 2023

Erling Bjørn Fossen

E-post: elle@landskappleiken.no

Telefon: +47 917 64 987