Av Ola Grøsland

I år blir Kongepokalen delt ut til vinnaren i  klasse A hardingfele. Det blir den 35. Kongepokalen i regi av FolkOrg (tidlegare Landslaget for spelemenn). Til nå har desse landskappleikvinnarane på hardingfele også vunne kongepokalen: Knut Hamre 1981, Alf Tveit i 1998, Halvard Bjørgum 1988, Jan Beitohaugen Granli i 2004 og Ottar Kåsa i 2011 . På vanleg fele har desse vunne kongepokalen: Ivar Schjølberg i 1980, Mari Eggen 1992, Trond Steffen Westberg i 1999, Gjermund Larsen i 2005 og Andreas Bjørkås i 2013.

Den fyrste Kongepokalen i regi av Landslaget for spelemenn vart altså vunnen av Ivar Schjølberg på landskappleiken i Kristiansand i 1980. I åra som følgde var det ikkje oppsett Kongepokal kvart år, og heller ikkje i alle klasser. Frå 1990 har det vore  Kongepokal årleg i A-klassene spel, vokal og pardans og elles dei eldste folkemusikkinstrumenta. På landskappleiken i Trysil i fjor var det til dømes i pardans fele.

Desse medlemmene i Vågå spel- og dansarlag har også Kongepokal:  Ivar Schjølberg, Anne Grethe og Rolv Bjørgan og Øyvind Sandum.

Det som sikkert ikkje er så kjent, er at det var Kongepokal før 1980. Fyrste gongen det vart sett opp Kongepokal, var i Oslo i 1973. Då skipa Laget for folkemusikk til Jubileumskappleik og Austlandskappleik, og dei søkte om og fekk Kongepokal til denne tilskipinga. Det vart ein storvegs kappleik i Samfunnssalen, og dei fleste av dei fremste hardingfelespelmennene deltok. Det var fem dommarar, og ein av dei var Ola Opheim. Eg hugsar at Harald Røine og Kjell Midttun var dommarar. Nygaard og Opheim let forresten til dans sundagskvelden. 

Sjølv var eg i styret for Laget for folkemusikk den gongen, men den helga var eg i Ål i Hallingdal på bryllaupet til Sven Nyhus og Liv Halldis Breie. Eg hugsar eg kom til Oslo att og fekk med meg dansefesten med Nygaard og Opheim.

Han som vann denne kappleiken i 1973 og dermed sikra seg fyrste Kongepokalen, var Torleiv Bolstad frå Øystre Slidre, verkeleg ein av storkultane på hardingfele. 

Denne kappleiken med oppsett Kongepokal vart eit skikkeleg prestisjeoppgjør for elitespelemennene på hardingfele, noko som førte til stort engasjement og diskusjonar om resultatet. Jamt over var det sterkare kjensler og meiningar knytt til dømming på kappleik då enn det er nå. Dei fleste har nok forstått og teke inn over seg at ei slik vurdering sjølvsagt blir subjektiv, og at ingen sit på fasiten om kva som er riktig. Det er eit kvalifisert skjønn hos dei utvalde dommarane, og andre dommarar kjem fram til andre resultat. Slik er det berre. Det blir ikkje meir «riktig» om det er mange dommarar, ansvaret blir meir fordelt og skjult. Likevel kan det vera eit poeng! 

Kongepokalen_FotoKnutUtler(LK13).jpg

Foto: Knut Utler