Sagt og spela - bilete frå folkemusikksoga i Telemark

har me kalla opningskonserten i Såheimshallen, onsdag 24. juni kl 2000.

I folkemusikkrørlsa tek me ikkje berre vare på musikken, men og tradisjonane rundt han. Den slåtten spila han eller ho då, replikkane fall slik og slik den gongen dei møttest. Dette materialet er dels fest på papir eller lydband, men mykje er framleis ein rein munnleg tradisjon.

Me har plukka fram eit knippe slike soger, og lete gode utøvarar av i dag fylle dei ymse rollene. Attåt spel og replikkar blir det kveding og mykje dans!

Du vil få høyre korleis det gjekk til då Øystein Lurås miste jenta si og tok att eit belte, korleis Myllaren blei refsa for livsførselen sin, korleis Knut Dahle og Torkjell Haugerud reagerte på at fyrste verdskrig braut ut, og mykje anna.

Utøvarane, eit godt tredvetal, kjem frå Vinje, Rauland, Møsstrond, Vestfjordalen, Atrå, Gauset, Austbygde, Tessungdalen, Gransherad, Flatdal, Brøles og Sauherad.

Ide, tekst og regi ved Johan Vaa, i samarbeid med Ola E. Bø

Klikk her for fyrehandssal via Visit Rjukan, kr 250 + 25,- i avgift

 

Opus 72 på Vemork

Fredag 26. juni  kl 2000

Opus 72 . slaatter av Edvard Grieg høyrer til den nasjonale musikkskatten i Noreg. Råmateriealet høyrer heime i Telemark og helst i Tinn.

1 1888 skreiv KInut Dahle til Edvard Grieg, han var ottefull for at slåttane han kunne skulle bli gløymde, og spurde om den store komponisten kunne syte for at dei bli nedskrivne. Det tok 13 år før det blei noko av. Fiolinisten Johan Halvorsen skreiv 17 slåttar ned på notar, som så blei utgangspunkt for klaverversjonane av Grieg. Til denne konserten har me plukka fram seks av dei.

Tanken bak denne konserten:  Slik var (og er) slåttane, slik oppfatta Johan Halvorsen dei, og dette skapte Grieg dei til. Attåt musikk vil det bli opplesing frå brevbytet mellom spelemanen, oppskrivaren og komponisten.

Du vil møte Knut Buen, Lars Ingar Meyer Fjeld, Håvard Gimse, Joar Lurås og Arve Tellefsen.

Konsertstaden er den gamle maskinhallen på kraftstasjonen. Det er smått med parkering på staden, såleis vil det bli sett opp bussar frå Rjukan Torg frå kl 18.00, og skyttelbussar frå parkeringspplassen.

For dei fyrste kan det bli litt ventetid, men cafe Vemork vil vera open, og hava tilbod om middag.

Klikk her for fyrehandssal via Visit Rjukan, kr 350 + 25,- i avgift 

 

 

Me yvi Tinnsjå siglar – kvedarkonsert på tvers av generasjonar.

Tog- og båttur som ramme, avreise Rjukan stasjon fredag 26. juni kl 1600.

Fyrste del av tittelen er henta frå ei vise om Austbygddalføret, skriven av Herbjørn  Lurås (1877-1967).

Her vil du møte tri kvedarpar, frå kvar sitt område, og såleis i stor mon ulik tradisjon.

Frå Tinn:  Halvor  Håkanes og Malin Røysland Skårberg.

Frå Vinje: Øyunn Romtveit og Aurora Lie Verpe.

Frå Setesdal: Kirsten Bråthen Berg og Eldbjørg Trydal Rysstad.

Lett servering om bord på Storegut.

Attende på Rjukan ca 20.00.

Det vil vera råd å få med seg både kvedarcruiset og Opus 72, men då må ein sjølv syte for transport frå Mæl til Vemork.

Klikk her for fyrehandssal via Visit Rjukan kr 350,-  + 25,- i avgift

 

 

Balladen om balladen

Kva hender når profilerte folkemusikarar frå Telemark skal gjera songspil av ein ballade? Det blir det sjølvsagt ballade av! Hovudtema er balladen om dei tvo kongsdøtrane som vart selde til tyrken. Her er stort persongalleri, med konge og dronning, prinsar og prinsesser, spil på ymse instrument, song og dans.
40 born og unge frå Tinn, Vinje, Gransherad og Seljord står på scena. Både skodespelarar, dansarar, kvedarar og felespelarar må til, når Balladen om balladen blir framførd kappleikfredagen. Med låg snittalder på scenen er dette lageleg for eit ungdommeleg publikum!

Idé, administrasjon og songlærar: Ellen B. Nordstoga

Koreografi og regi: Hæge Manheim

Koreograf-assistent: Vilde Westeng

Felelærar: Lars-Erik Øygarden

Manus og regi: Aasmund Nordstoga

Rjukanhuset, kinosalen, fredag 26.juni kl 1400.

Fritt tilgjenge.

Ansvarleg organisasjon er Vinje Barneteater.

Prosjektet er har motteke stønad frå:

Frifond Teater

Norsk Kulturråd

Rådet for folkemusikk og  Folkedans

 Vestfold og Telemark Fylkeskommune

Vinje kommune.

 

Dahle -arven

Det er ingen tvil om at Dahle-spelet, ein familietradisjon, høyrer heime i Tinn. Det paradoksale er likevel at det heile tok til i Numedal, med Brynjulv Osson, som kom over fjellet og tok seg teneste som hjuringut. Seinare blei han gift i bygda og fekk mange ungar.

Det har vore uråd å finne ein viss identitet for Brynjulv i kyrkjebøkene i Numedal. Han er nemnd her og der i ymse offiselle dokument i Tinn, men ein kjem ikkje nærare enn å seia at han var fødd ein gong millom 1710 og 1730. Han er nemnd i folketeljinga 1782-184, men ikkje i 1801, såleis har han gjenge burt ein gong i det tidsromet.

Ein av ungane var Knut, etter kvart nemnd Knut Sønnstaul (1771—1863). Han var god spilemann, og fleire slåttar har namn etter han.

Ein son av Knut var Ola (1804-1830) som blei spilemann. Sume meinte har var betre enn far sin, men eit slikt ord fylgjer gjerne den som har døydd ung. Men, på Skoje i Sauland kappspila han med sjavaste Mtyllarguten. Ein som var der ymta om at tinndølen var best! Då ble Tarjei så vond at han gav Ola aei teve, så han kom heim att med blått auga.

Ei dotter av Knut var Anne (f.1807). Ho blei gift med Johannes Torgeirson Dahle, og dei blei foreldra av Knut Dahle (1834-1921). Hsan må seiast å vera ein av dei største innan hardingfelespelet, både som utøvar og kjelde. Attåt spel frå godfaren fekk han mykje frå Håvard Gbøen (1809-1873) og Hans Fykerud d.e. (1823-1979).

Det er kjent at Knut Dahle var ottefull for at alt han kunne, skulle koma burt. Slik gjekk det ikkje, han fekk tvo godsøner som båe blei framifrå spelemenn, og nok lærde det meste Knut sat inne med. Det var Johannes (1890-1980) og Gunnar (1902-1989).

Fremste læresveinen av Johannes var Olav Øyaland (1922-2019). Ein læresvein av han att,er Øystein Haugen (f. 1964), som er den eine utøvaren på denne konsrten.

Den hin er Anne Svånaug Blengsdalen (f.1956). Ho er elev av Gunnar Dahle.

Kva er det så som sermerker Dahle-tradisjonen? Eg vil peike på tvo ting: Truskap til slåtteformer, og ein litt avvikande skala i høve til det ein vanlegvis høyrer. Konkret, høg 3. finger på tersen og høg 2 finger på kvinten. Dette er uttrykk for ei alderdommeleg tonekjensle som ein òg finn døme på i andre tradisjonar.

Konserten er 2000 i kinosalen på Vemork, torsdag 25. juni. Busstransport frå parkeringsplassen tek til 1900.

Billetar (Kr 250,- ) på stemnekontoret frå osdag 24. juni, og i døra (kontant).

 

- Ho spela for høge og låge

Ågot Einung og langeleiken

Av Kari mLønnestad

Telemark har i tidlegare tider hatt ein utbreidd speltradisjon på langeleik. Men utover på 1800-talet, då slåttespelet på hardingfele var i sterk utvikling og bløming, blei det tynnare i rekkene av langeleikspelarar. I dag er det såvidt vi har ein levande speltradisjon på langeleik i Telemark, i dei fleste bygder er det bare minna og kanskje enkelte bevarte instrument att av det som eingong var. Frå Tinn fortel Rikard Berge i Tinn-soga at Kari Krosso og Ågot Einung var dei mest kjende langeleikspelarane på 1800-talet. Ågot Olsdotter Einung, som døydde i 1911, skal ha vore den siste som spela langeleik i Tinn. Om henne veit vi ein del, blant anna frå det som er fortalt av son hennar, Halvor H. Einung. Ho blei født i 1831 på Bøle på Miland, foreldra var Ola Torgeirson og Ingebjørg Øysteinsdotter. I slekta må det ha vore gode musikalske evner, for det var både langeleikspelarar og felespelarar i fleire generasjonar. Fleire av brørne til Ågot spela fele. Broren Halvor, som var skulemeistar, var også god til å synge, Rikard Berge gjorde opptak med han i 1916, og omtalar han som ”den bedste kvedaren eg råka på Tinn”. Ein annan bror, Øystein, blei lærar i Christiania og kom til å bli bestefar til pianistane Reimar og Robert Riefling.

Nitten år gamal gifta Ågot seg med Hans Olsen Ørnes, og dei flytta seinare til garden Einung, som dei kjøpte.

Ågot arva ein langeleik etter bestemor si, Anne Jonsdotter Rollag. Den hadde gått i arv til jenter i familien. Det er uvisst om Anne spela sjølv, men ho hadde arva leiken etter mor si, Kari Ørnes. Karis mor, Susanne Wiveke Ørnes, skaffa langeleikar til dei tre døtrene sine, og leiken som Kari fekk, var laga av Herbjørn Knutson Mo i 1766. Til den høyrde også ein dansehest – ein liten trehest som ein kunne feste med snor til plekterhanda slik at han dansa i takt med slåtten når ein spela. Leiken og hesten finst i dag ved Tinn museum. Då Ågot arva han, følgde det med ein daler, dersom ho kunne lære å spela. Og slik blei det – namnet hennar er seinare uløyseleg knytt til langeleiken. Det er fortalt at ho spela slåttar, Fossegrimen og Førnesbrunen var blant dei ho kunne, og stundom spela ho også nyare melodiar. Og som utøvar heldt ho seg ikkje bare til den heimlege arenaen. Halvor Einung fortel at ho ”spela for høge og låge, sa aldri nei når nokon bad ho um å spela. Hjå prestane og dokterane var ho ofte.” Einung omtalar spelet hennar som reint og ekte, og skildrar det som ”blautt og finslegt, ikkje so brusande som ein sumtid kann høyra ifrå andre kantar”.

Einung fortel også at samlaren Catharinus Elling var til Ågot i 1910, og at han skreiv opp etter henne. Men ein har ikkje funne slåttemateriale som kan knytast til henne blant oppskriftene til Elling, derfor har det vore antatt at dette materalet kan ha gått tapt. Men Ellings oppskrifter frå sommaren 1909 inneheld nokre songar oppskrive etter Ågot. Kan det vera slik at dette er alt han skreiv opp etter henne? Det kan også tenkast at ho spela langeleik til nokre av desse songstubbane, utan at det er nemnd i noteoppskriftene.

I 1871 fekk Ludvig Mathias Lindeman tilsendt nokre oppteikningar av langeleikslåttar frå Øystein Olsen, Ågot sin bror i Christiania. Olsen kommenterer at desse slåttane har vore bruka i familien hans sidan første halvdel av 1700-talet. Alle dei fem slåttane verkar å vera gangarar, notert i 2/4 eller 6/8, og det er bare korte melodistubbar på få takter. Kanskje har Olsen skrive dei opp etter minnet, men ein må tru at Ågot spela desse slåttane i ei eller anna form. Dette er dermed det mest konkrete vi har av slåttestoff etter Ågot og dei andre langeleikspelarane i slekta hennar.

Men for oss i dag må det også vere lov å spekulere: Kva elles kan ho ha spela? Kva fanst det av tonestoff i miljøet hennar som kunne eigne seg for langeleiken? Det er utgangspunktet for konserten Ågot og leiken.

Konsertstad er Baptistkyrkja,  torsdag 25. juni kl  2200, og utøvarar Gøril Ramo Haave og Kari Lønnestad.

Billettar på stemnekontoret frå onsdag 24. juni, og i døra (kontant).