Dato: torsdag 23. juni 
Klokkeslett: 18:00
Stad: puben «OnklSAM»
Gratis inngang

Torsdag i kappleiksveka vil puben «OnklSAM» opne dørene for alle som er glade i kveding!

Kvedarkroken er ei uformell samling for alle kvedarinteresserte, der terskelen er låg for å hive seg frampå med viser, stev og stubbar. Me ynskjer at så mange som råd stiller opp både som utøvarar og tilhøyrarar.

Det er inga påmelding og arrangementet er gratis.

På puben kan ein få kjøpt pizza og drikke av ulike slag.

Velkomne!