Kvedarkroken er ei uformell samling for alle kvedarinteresserte, der terskelen er låg for å hive seg frampå med viser, stev og stubbar. Vi ynskjer at så mange som råd stiller opp både som utøvarar og tilhøyrarar.
Det er inga påmelding og arrangementet er gratis.

Fossheim turisthotell er i gastronomisk toppklasse, og det blir sjølvsagt moglegheit til å kjøpe god mat og god drikke frå eitt av Lom sine mange velrenomerte kjøken. Du kan sjølvsagt kjøpe deg noko godt å drikke også.

Kvedarkroken blir i Fossheim si fantastiske peisstugu, og det er difor begrensa plassar. Om det er mykje folk, så flyttast kvedarkroken ned i spisesalen.

Medverkande:
Jarnfrid Kjøk, vertskap kvedarkrok
Ola Grøsland, vertskap kvedarkrok

 
Tid: Laurdag 24.juni kl.13.30
Stad: Fossheim turisthotell
Billett: GRATIS