Dato: fredag 24. juni
Klokkeslett: 16.00
Stad: Rjukan torg

Det er sagt og skrive at hallingdølen Olav Torshaug (1884 - 1971) spende ned ein hatt som hekk 2,83 m over bakken. Dette skal ha skjedd på ei stemne på Bygdøy i 1923, eventuelt nokre år før.

Var dei sprækare før? 
Mælingar gjorde dei seinare åra fortel at dei fleste dansarar av i dag har problem med å spenne stort høgare enn 250 cm. Ein mæler då til kanten av hattebremmen. Dersom ein mælde kastet av Thorshaug til kjeppen, og det var tale om ein vidbremma diktarhatt, heng den oppgjevne høgda på greip, elles ikkje.

Kappleikfredagen kl. 16:00 vil det bli halde ei tevling på Rjukan torg, der me vil få klarlagt kven som er sprækast i så måte no.

Ein lang person har eit betre utgangspunkt enn ein stutt. For å eliminere denne føremonen vil vinnaren bli den som spenner høgast i prosent av eiga kroppshøgde.

Premie på 10 000 kroner! 
Rjukan Handelsstand har sett opp ein premie på kr 10 000 til vinnaren.

Musikalsk inspirasjon til kastet må ein tru fremjar prestasjonane. Fele eller munnharpe har si avgrensing ute, såleis vil ein høgt kvalifisert tamburtrommeslagar syte for den tingen: Heming Valebjørg, opphaveleg tinndøl, no slagverkar i Oslo-Filharmonien.

Påmelding ved frammøte, og overreking av premie straks etter tevlinga.

 

Fredrik Brevig Jacobsen
Halling C - Landskappleiken 2017
Foto: Runhild Heggem