Landskappleiken skulle ha vore arrangert på Rjukan i Tinn kommune i 2020, men vert no arrangert her i 2021 i staden for.

«Hovudnemnda for Landskappleiken 2020 Tinn ser at det å gjennomføre dette arrangementet i Korona-året vert vanskeleg. Det er uvisst kor lenge dette kjem til å vare. Vi  må difor avlyse årets landskappleik. Men så er det no heldigvis slik at det kjem nye år. Og vi har difor bestemt, i samråd med FolkOrg, at Landskappleiken 2021 Tinn vert på same stad med dei same folka og på same viset som me skulle hatt i år. Alle som ein. Ta vare på kvarandre,  spel, dans og syng. Me møtest i Tinn 23.-27. juni 2021», seier leiar for hovudnemnda Øystein Haugen.

Det betyr at Landskappleiken som skulle ha vore i Lom i 2021 vert flytta til 2022 og at Landskappleiken som skulle vore arrangert på Gol i 2022 vert flytta til 2023. Dette er i samråd med dei lokale arrangørane.

Her kan du lese heile saka om avlysninga av Landskappleiken 2020 og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2020