Landskappleiken 2021 skulle ha vore arrangert på Rjukan i Tinn kommune
«Det kjennes rart og uvirkelig at me ikkje kan samlast te Landskappleiken i Tinn i 2021 heller, men slik er det dessverre. Med det me veit i dag så er det ikkje gjennomførbart i forhald til smittesituasjonen. Men…. I 2022 ynskjer me heile folkemusikkNoreg velkomne til tidenes Landskappleik. Det må me gå ut i frå, me gjev ikkje opp!» seier leiar for hovudnemnda Øystein Haugen på vegne av heile arrangørgjengen i Gransherad, Seljord, Rauland og Tinn.

Det betyr at Landskappleiken som skulle ha vore i Lom i 2022 vert flytta til 2023 og at Landskappleiken som skulle vore arrangert på Gol i 2023 vert flytta til 2024. Dette er i samråd med dei lokale arrangørane.

Her kan du lese heile saka om avlysning av sommarens arrangementer 

DansPåTusenGolv_FotoIngvilSkeieLjones 2.jpg