Statssekretær opnar kappleiken

 

Onsdag kveld er det duka for opningskonsert under Landskappleiken. Dette blir ei stor mønstring av tradisjonsmusikk og tradisjonsdans frå Vågåbygda. Arrangøren har fått storfint besøk av statssekretær Frida Blomgren, som skal stå for den offisielle opninga. Under opningskonserten vil vi og få vere med på Norsk hardingfelefond si utdeling av hardingfele til eit ungt talent. I år er det Astrid Garmo frå Garmo, nabobygda til Vågå, som er student på Norges Musikkhøgskole i Oslo.

Med andre ord; Det er mykje å sjå fram til allereie fyrste dagen under årets Landskappleik i Vågå.

VågåSpelogDansarlag_Foto_Kjell_Løkken.jpg

Foto: Kjell Løkken