Her kan du finne resultata frå onsdag og torsdagens tevlingar. 
 

I dag vil det bli tevla i desse klassane:  

Dans fele C og B 
Sjokoladekappleik  
Spel hardingfele B 
Vokal B  
Gruppespel junior  
Gruppespel senior  
Dans hardingfele A  
Durspel jr og sr 
Dans fele A 

I dag er spesielt ein klasse det er knytt ekstra mykje spenning til, og det er durspelklassa. Det er i år sett opp to kongepokalar, og desse er ett opp i høvesvis Spel fele og i Durspel.  

Det kan gå mange år mellom kvar gong ein Kongepokal er sett opp i en klasse ettersom den rullerer mellom alle soloklassene for vaksne. Derfor er det ekstra gjevt å vinne Kongepokal på Landskappleiken. Durspel er ei forholdsvis ny klasse på Landskappleiken, og Kongepokalen vart sett opp i klassa fyrste gong i 2012 og vart då vunne av Øyvind Sandum.    

De tre beste i Kongepokal-klassane går vidare til finalen som skal vera laurdag 25. juni. Kven som vinn, og får Kongepokal, får vi vite under Meisterkonserten sundag formiddag.   

To plateslepp!
Fredag skal Etnisk Musikklubb ha to plateslepp i Baptistkyrkja på Rjukan. Kl. 14:00 blir det slepp av plata «Kvilesteinen» av Tor Johan Bøen, der han presenterer slåttar for hardingfele av Svein Haugetrå.

Ein time seinare, kl. 15:00 er det presentasjon av plata «Frå morgon til kveld» med spelemannen Knut Myrann.

Edvard Grieg, kvedarcruise og hallingkasttevling 
Fredagen inneheld og eit variert kulturprogram, og det vert både togtur, kvedarcruise på Tinnsjå og Opus 72 i Såheimshallen. I tillegg vert halde hallingkasttevling på Rjukan torg, og vinnaren vert heidra med heile 10 000 kroner! 

Sjå heile kulturprogrammet her.