Etter ein flott start på Landskappleiken 2022 i går, er det no klart for ein ny lang tevlingsdag. Det heile startar klokka 10.00 og held på fram til 20:30 i kveld. I tillegg til mange spennande tevlingar byr dagens kappleiksprogram på fleire flotte konsertar og dans på fleire golv.  

I dag er det tevling i heile sju ulike klassar og vi har den fyrste premieutdelinga på kappleiken i kveld. 

I dag vil det bli tevla i desse klassane:  

Lagspel junior 

Lagspel senior 

Open klasse 

Lagdans junior 

Lagdans senior 

Spel hardingfele C 

Super D 

Med andre ord blir det eit variert tevlingsprogram i dag. Ei av dei mest varierte klassane på Landskappleiken er klassa for dei over 60 år: Super D. Super D er samanslege av mange ulike klassar, og har til saman heile 19 startnummer. Her kan ein sjå og høyre mange av ringrevane gjennom mange kappleiksår! 

Det er og knytt stor spenning til klassa Spel hardingfele C, der premien i år er av dei gjevaste på mange år. Vinnaren av denne klassa får i år ei Steintjønndalen-fele til ein verdi av heile 100 000 kroner! Det er kappleikssgeneral Øystein Haugen sjølv som gjev bort denne flotte gava, og det vert finalespel i denne klassa laurdag kveld.  

  

Synne Kjøk
Spel fele C - Landskappleiken 2022
Foto: Runhild Heggem