Velkommen til ein kveld fylt med humor og god stemning, gourmetmat og vakker musikk!
Lom har i mange tiår vore eitt av sentruma for norsk matkultur, og har restaurantar på nasjonalt gastronomisk nivå og eitt av verdas beste bakeri. Denne kvelden er det restauranten Brimibue som byr på seg sjølv. Dei serverer ein fantastisk spesialkomponert kappleiksmeny krydra med god musikk. Det blir humor og god stemning, gourmetmat og vakker musikk.
Medverkande:
Astrid Sulheim & Mari Midtli, feler/song
Tufskrøkjun, feler
Merete Byrøygard, kjømeister
Tid: Torsdag 22.juni kl 18:45 (varigheit ca 2.5 timar)
Stad: Brimibue i Lom
Billett: kr 850,- inkluderer mat og musikk, drikke kjem i tillegg.
Billett tingast direkte til BrimiBue brimibue@brimiland.no / tlf. 468 54 262