Stad: Avreise frå Rjukan Stasjon
Tid: fredag 24. juni kl 16.00
Billett: kr 400,- + avgift kr 25,-
Vi er attende på Rjukan ca kl 20:00

Fyrste del av tittelen til konserten er henta frå ei vise om Austbygddalføret, skriven av Herbjørn Lurås (1877-1967).

På konserten vil du møte tre kvedarpar, frå kvar sitt område, og såleis i stor mon med ulik tradisjon.

Frå Tinn: Halvor Håkanes og Malin Røysland Skårberg.

Frå Vinje: Øyunn Romtveit og Aurora Lie Verpe.

Frå Setesdal: Kirsten Bråthen Berg og Eldbjørg Trydal Rysstad.

Det vert lett servering om bord på båten Storegut.

Du kan sikre deg billett allereie no via Visit Rjukan
Du kan og kjøpe billett på kappleikskontoret


Ønskjer du å få med deg konserten "Opus 72" i tillegg? 
Då må du sjølv syte for transport frå Mæl til Rjukan.
 

Takk til Visit Rjukan for lån av bilete