I 2021 var det 1000 år sidan Olav den Heilage kom til Lom og vidare ned Gudbrandsdalen på kristingsferda si. Det blir midnattskonsert i stemningsfulle Lom stavkyrkje torsdag kl 23 under Landskappleiken. 

Du får høyre kraftfull musikk og song med nokre av dei fremste musikarane i dalen. Sander Tingstad frå Lillehammer leier strykekvintetten, og Bjørn Kåre Odde frå Lom har skrive eit tingingsverk for 1000-årsjubileumet. I tillegg blir det musikk brukt i kyrkja sidan Olav den Heilage si tid og fram til i dag, samt musikk til tekster av lyrikar og ordkunstnar Olav Aukrust. Som vokalistar er Mari Midtli og Malin Alander, dei to sistvinnande i vokal klasse A på LK. 

Med Mari Midtli, Malin Alander, Sander Tingstad, Aslak Brimi, Bjørn Kåre Odde, Vemund Olav Aukrust, Marius Westling, Ida Malene Kvem og Jon Åsnes.

Tid: Torsdag 22.06 kl 23.00
Stad: Lom Stavkyrkje
Billettpris: 350 kr  
Billettpris under 16 år: gratis

Billettar får du kjøpt på stemnekontoret eller i billettbua

NB! Nettbutikken for konsertbillettar er no stengt. 

Alle som har kjøpt billett via nettbutikken tidlegare må hente ut den fysiske billetten sin på stemnekontoret.