I samband med den offisielle opninga av Landskappleiken blir det ein variert og innhaldsrik konsert med lokale aktørar onsdag kveld. Statssekretær Frida Blomgren i Kulturdepartementet er den som formelt skal erklære kappleiken for opna. I tillegg vil leiar for Landskappleiken 2019, Kjærsti Gangsø, FolkOrg-leiar Hilde Reitan og ordførar Iselin Vistekleiven framføre helsingar. I tillegg skal Norsk hardingfelefond dele ut ei hardingfele til eit ungt talent.

Det heile blir innramma i ein flott konsert med lokale utøvarar, dei fleste aktive i Vågå spel- og dansarlag. Her vil ein naturlegvis møte Vågå Juniorspelmannslag, Vågå Spelmannslag og springleikdansarar frå laget. Joakim Øyen skal danse halling – til musikk av Ragna Valde.

Hanne Kari Bakke, Ragnhild Jøndal Bjertnæs og Ola B. Nesset skal representere toradertradisjonen. Reidar Svare og Emma Bakke skal syngje. Vidare skal gamaldansgruppa Sprell spela runddansmusikk.

I tillegg skal Norsk hardingfelefond dele ut ei hardingfele til Astrid Garmo, som har hardingfele som hovudinstrument på Norges Musikkhøgskole.

Billettpris: 200,- (eller gjennomgangsbillett). 

vågåSpel_1000x608.jpg
Foto: Knut Utler