www.landskappleiken.no

Opningskonsert i Vågåhallen

I samband med den offisielle opninga av Landskappleiken blir det ein variert og innhaldsrik konsert med lokale aktørar onsdag kveld. Statssekretær Frida Blomgren i Kulturdepartementet er den som formelt skal erklære kappleiken for opna. I tillegg vil leiar for Landskappleiken 2019, Kjærsti Gangsø, FolkOrg-leiar Hilde Reitan og ordførar Iselin Vistekleiven framføre helsingar. I tillegg skal Norsk hardingfelefond dele ut ei hardingfele til eit ungt talent.

Det heile blir innramma i ein flott konsert med lokale utøvarar, dei fleste aktive i Vågå spel- og dansarlag. Her vil ein naturlegvis møte Vågå Juniorspelmannslag, Vågå Spelmannslag og springleikdansarar frå laget. Joakim Øyen skal danse halling – til musikk av Ragna Valde.

Hanne Kari Bakke, Ragnhild Jøndal Bjertnæs og Ola B. Nesset skal representere toradertradisjonen. Reidar Svare og Emma Bakke skal syngje. Vidare skal gamaldansgruppa Sprell spela runddansmusikk.

I tillegg skal Norsk hardingfelefond dele ut ei hardingfele til Astrid Garmo, som har hardingfele som hovudinstrument på Norges Musikkhøgskole.

Billettpris: 200,- (eller gjennomgangsbillett). 

lk forestilling-2 (3).jpgFoto: Knut Utler

Tips en venn Skriv ut
Heggeligubbens - Jørgensen i rødt - Foto Thor Hauknes

Dansespel

Skal du spele til dans? Eller kanskje har du ei favorittgruppe du gjerne skulle ha passa opp for dan...
Billettbånd_illustrasjon

Billettar og billettprisar for Landskappleiken 2019

Her finn du informasjon om billettar og prisar for Landskappleiken i Vågå. Merk at det er nokre kons...
(c) knut utler

Han var hoga heim

  Årets Vågåkveld i Vågåhallen vil spinne rundt sagnet om Jehans Blessom som trefte sjølvaste Jut...
(c) knut utler

Opningskonsert i Vågåhallen

I samband med den offisielle opninga av Landskappleiken blir det ein variert og innhaldsrik konsert ...
(c) knut utler

Barnekurs og sjokoladekappleik

Det blir tilbod om tre barnekurs under Landskappleiken; dansekurs, hallingkurs og felekurs. F...
Ronny Kjøsen

«Hjemlandsklokker»

Årets Kyrkjekonsert på Landskappleiken heiter «Hjemlandsklokker». Det er velrenommerte Ronny Kjøsen ...
Kyrkja

Folkemusikkmesse

Søndag 30.juni kl 10.00 kan du få med deg folkemusikkmesse i Vågåkyrkja. Medverkande: Cynthia Ren...
Landskappleiken 2016 Foto Ketil Sandviken GD

Spektakulære godkarstykkje

Vi tek opp att braksuksessen frå 2016 med konkurranse i spektakulære godkarsstykkje ved Lasaronstolp...
Knut Utler

Kongepokal på hardingfele

I år blir Kongepokalen delt ut til vinnaren i  klasse A hardingfele. Det blir den 35. Kongepokalen i...
Ungdomssamling Trysil_AnbjørgMyhraBergwitz 2

Ungdomssamling under Landskappleiken 2019

Også i år blir det arrangert ungdomssamling for alle som deltek på Landskappleiken i C-klassane og j...