Dato: Onsdag 22. juni
Klokkeslett: 20.00
Stad: Såheimshallen
Billettpris kr 250,- + avgift kr 25,-

Du kan sikre deg billett allereie no, det er fyrehandssal via Visit Rjukan


Sagt og spela - bilete frå folkemusikksoga i Telemark, har me kalla opningskonserten i Såheimshallen. 

I folkemusikkrørsla tek me vare på meir enn sjølve musikken, me bryr oss òg om tradisjonane rundt han. Den slåtten spila han eller ho der og då, replikkane fall slik og slik den gongen dei møttest. Dette materialet er dels fest på papir eller lydband, men mykje er framleis ein rein munnleg tradisjon.

Me har plukka fram eit knippe slike soger, og lete gode utøvarar av i dag fylle dei ymse rollene. Attåt felespel og historske replikkar blir det kveding og mykje dans!

Du vil få høyre korleis det gjekk til då Øystein Lurås miste jenta si og tok att eit belte, korleis Myllaren blei refsa for livsførselen sin, korleis Knut Dahle og Torkjell Haugerud reagerte på at fyrste verdskrig braut ut, og mykje anna.

Utøvarane, eit godt tredvetal, kjem frå Vinje, Rauland, Møsstrond, Vestfjordalen, Atrå, Gauset, Austbygde, Tessungdalen, Gransherad, Flatdal, Brøles og Sauherad. Det heile vil bli bunde saman av Åsmund Nordstoga.

Ide, tekst og regi ved Johan Vaa, i samarbeid med Ola E. Bø.

Den formelle opninga av Landskappleiken 2022 vert ved statssekretær Odin Adelsten Aunan Bohmann.

Opningskonsert_LK_22.png

På opningskonserten vil du møte både Myllarguten og Knut Dahle, og dessutan Luråskarane. 
Dei finst det ikkje bilete av, men her er eit målarstykke frå den tida dei levde. Det er frå 1809, utført av den svenske målararen William Carpellan.