Storstilt opningskonsert!
Landskappleiken startar med storstilt, gratis opningskonsert i hallen i Utgard. Her får vi høyre fleire lokale utøvarar i solo og samspel, både unge lovande talent og profesjonelle utøvarar.
 
Matgilde med Arne Brimi
Etter konserten inviterar vi til fest og matgilde i det store matteltet utanfor hallen. Her møter du sjølvaste Arne Brimi, kokken frå Lom, rundt bålpanna. Det blir mange gode smakar med lokal mat og drikke.

Program
Matbuffet i teltet mellom kl 18.00 - 21.00 (for dei med mat-billett)
Bar i Utgard kl 18.00 - 21.00 (gratis og ope for alle)
Dans i matteltet frå kl 21:00 og utover kvelden, her kan du svinge deg til drivande godt dansespel frå fleire grupper og lag. (gratis og ope for alle).

Medverkande:
Arne Brimi
Hans Andreas Solbakken, programleiing
Lom spelemannslag, feler mm.
Linerla & Spurven, song
Mari Midtli & Astrid Sulheim, song, feler
Atterljomen, feler
Aslak Brimi, fele
Gjelingljomen, song
Elle med orkester, torader mm.
Grete Sjurgard
Hilde Reitan
+ med fleire
 
Tid: Onsdag 21. juni kl. 18:00
Stad: Hallen + teltet i Utgard fleirbrukshus
Billett: konsert og dans er gratis for alle
Matgilde: kr 300,- for vaksne, kr 100,- for dei mellom 6-12 år, gratis for alle under 6 år. Billett kjøpast i billettbua ved Utgard.