Dato: fredag 24. juni 
Klokkeslett: 21.00
Stad: Såheimshallen
Billettpris kr 350,- + avgift kr 25,-

Du kan sikre deg billett allereie no via Visit Rjukan

I 1888 skreiv Knut Dahle (1834-1921) til Edvard Grieg (1843-1907), han var ottefull for at slåttane han kunne skulle bli gløymde, og spurde om den store komponisten kunne syte for at dei blei nedskrivne.  Det tok 13 år og mange brev før det blei noko av. Fiolinisten Johan Halvorsen (1864-1935) skreiv 17 slåttar ned på notar, som så blei utgangspunkt for klaveraversjonane av Grieg.   Til denne konserten har me plukka fram seks av dei.

Tanken bak denne konserten er: Slik var (og er) slåttane, slik oppfatta Johan Halvorsen dei, og dette skapte Grieg dei til. Attåt musikk vil det bli opplesing frå brevbytet mellom spelemanen, oppskrivaren og komponisten.

Du vil møte:
Knut Buen
Lars Ingar Meyer Fjeld
Håvard Gimse
Ragnhild Hemsing
Joar Lurås