Nettbutikken for bestilling og betaling av overnatting under Landskappleiken 2019 i Vågå
 
Her får du kjøpt plass til bubil, campingvogn og telt på kappleikscampingen, overnatting i klasserom eller i private heimar. Pris for dei forskjellige overnattingsmoglegheitene gjeld for heile kappleiksperioden (onsdag - søndag). For campingvogn og bubil er det i tillegg ein eigen pris for dei som vil vere frå måndag - sundag.
 
Nettbutikken er under utvikling, og vi håpar dette skal bli eit lettvindt og oversiktleg verkty for å bestille seg overnatting også ved framtidige kappleikar. Gje difor gjerne attendemelding dersom det er noko som ikkje fungerer slik du forventar, eller du støyter på noko som er uklart.
 
Kappleikscamping
1700,- pr. doning. 600,- pr. telt.
Hugs å oppgje namnet på dei du vil bu attmed. Du blir tildelt plass når du kjem til Vågå.
 
Klasserom
600,- pr. person.
Småbarn (barnehagealder) bur gratis. Hugs å oppgje namn på dei du ønskjer å bu ilag med. Ved felles bestilling må arrangøren ha namna på alle i gruppa.
 
Privat overnatting
1800,- pr. seng/person (3600,- for dobbeltseng) og 900,- pr. flatseng.
NB! I nettbutikken er det forskjell på hus, rom og enkeltseng: Enkelte hus blir altså utleigde som ei eining. I andre kan du kjøpe enkeltrom eller eller enkeltseng - her må du belage deg på å dele huset med andre. Småbarn (barnehagealder) bur gratis. Du får kontaktinformasjon til din husvert ilag med stadfesting av ordre i e-post. Kontakt husverten for detaljar ved bestillinga.
 
Andre spørsmål og attendemeldingar sender du til arrangøren ved overnattingsansvarleg: hege@landskappleiken.no

Adressa til nettbutikken er: https://landskappleiken.myshopify.com/

VELKOMNE TIL VÅGÅ I JUNI!
 

Anna overnatting i Vågå:

Vågå Hotel

Smedsmo camping tlf 61237450

Vågåvatnet feriesenter

Klones Gård, tlf 61990666

Valbjør Gard

Gammel-Kleppe kulturarvhotell

Nordigard Blessom Gardshotell

Lemonsjø Fjellstue

Brimi Fjellstugu

Helle Gardshotell

basskappleik.jpg