Påmeldingstida til Landskappleiken var open frå 31.mars til 22.mai.
Deltakaravgifter 31.mars t.o.m. 27.april:
Junior og C-klassingar solo/gruppe/lag: 200 kr for første påmelding, 100 kr per påmelding vidare.
Senior og - A, -B og - D klassingar solo/gruppe/lag: 350 kr for første påmelding, 175 kr per påmelding vidare.
Deltakaravgifter 28.april til absolutt siste påmeldingsfrist 22. mai:
Junior og C-klassingar solo/gruppe/lag: kr. 300 for første påmelding, 150 kr per påmelding vidare.
Senior og - A, -B og - D klassingar solo/gruppe/lag: kr. 450 for første påmelding, 225 kr per påmelding vidare.
Alle som deltek på Landskappleiken må være medlemmer i FolkOrg. Les meir her: www.folkorg.no/meld-deg-inn-i-folkorg eller send ein e-post til jorun@folkorg.no så vil ho hjelpe deg. Vi oppmodar alle deltakarane om å lesa tevlingsreglane for den/dei klassane dei skal delta i: https://folkorg.no/tevlingsreglement/
Den førebelse tevlingsplanen finn du her: Tevlingsplan 2023.
I år vert det utdelt to Kongepokaler i klassene eldre folkemusikkinstrument senior og halling A.
Ved spørsmål i høve påmeldingssystem, tevlingsreglement m.m., ta kontakt med FolkOrg v/ Live Visdal:
Mob: + 47 97 41 55 15
e-post: live@folkorg.no
Overnatting
Har du ikkje fått tak i overnatting enda? Det er ledige plasser for campingvogner, bubilar og telt på kappleikscampingen og det er ledige plassar på klasserom.
Meir informasjon og kontaktinfo til overnattingsansvarleg finn du her: Overnatting i Lom.
Elisabeth Ellingsen og Jon Bugge Mariussen, Landskappleiken 2019. Foto: Knut Utler