Meld deg på her: Påmelding til Landskappleiken 2024

I år skal det tevlast på tre arenaer: Gol idrettsarena (GIA), Gol Samfunnshus og Amfiet på Gol skule. Alle arenaene ligg i kort gåavstand til kvarandre, noko som legg godt til rette for ein kompakt og samlande kappleik. Det blir, som tidlegare år, gradert påmeldingsavgift. Under finn du oversikt over påmeldingsfristar og prisar. 

Deltakaravgifter 2.april t.o.m. 29.april: 
Junior og C-klassingar solo/gruppe/lag: 250 kr for første påmelding, 150 kr per påmelding vidare.
Senior og - A, -B og - D klassingar solo/gruppe/lag: 400 kr for første påmelding, 225 kr per påmelding vidare.

Deltakaravgifter 30.april til absolutt siste påmeldingsfrist 22. mai:
Junior og C-klassingar solo/gruppe/lag: kr. 350 for første påmelding, 200 kr per påmelding vidare. 
Senior og - A, -B og - D klassingar solo/gruppe/lag: kr. 500 for første påmelding, 275 kr per påmelding vidare. 

Obs: Betaling via faktura er tiltenkt grupper og lag, ikkje enkeltpersonar eller par. 

Medlemskap i FolkOrg
Alle som deltek på Landskappleiken må vere medlem i FolkOrg. Les meir her: medlemskap i FolkOrg eller send ein e-post til jorun@folkorg.no så vil ho hjelpe deg. Vi oppmodar alle deltakarane om å lesa tevlingsreglementet for den/dei klassene dei skal delta i: Tevlingsreglement

Leitar du etter medlemsnummeret ditt? Då kan du gjere følgande:
- Ta ein kikk på medlemsfakturaen
- Last ned Gnist-appen
- Be styret i lokallaget ditt om å sjekke medlemsnummeret i Styreweb
- Ta kontakt med Sina Myhr i FolkOrg: sina@folkorg.no

Tevlingsplan
Den førebelse tevlingsplanen finn du her: Tevlingsplan 2024
Kongepokalen er i år satt opp i klassa Vokal A. Det blir i tillegg finale i durspel senior og spel hardingfele A.

Spørsmål og hjelp
Ved spørsmål i høve påmeldingssystem, tevlingsreglement m.m., ta kontakt med FolkOrg v/ Sina Myhr:
Mob: + 47 95 44 25 92
e-post: sina@folkorg.no

Overnatting
Har du ikkje fått tak i overnatting enda? Gol har eit variert overnattingstilbod, med kappleikscamping, klasserom, privat utleige og anna type overnatting. Her finn du oversikt over dei ulike tilboda og kontaktinformasjon til overnattingsansvarleg: Overnatting 2024

Meld deg som frivillig!
Landskappleiken er eit stort arrangement med behov for mange frivillige. Meld deg på og bli med på den sosiale og morosame dugnaden! Frivillig 2024