Påmeldingstida til Landskappleiken er i år frå 1.april til 16.mai. Meld deg på her: https://tevling.folkorg.no/login/

Som tidlegare år, vert det gradert påmeldingsavgift. 

Deltakaravgifter 1.april t.o.m. 2.mai: 
Junior og C-klassingar solo/gruppe/lag: 200 kr for første påmelding, 100 kr per påmelding vidare.
Senior og - A, -B og - D klassingar solo/gruppe/lag: 350 kr for første påmelding, 175 kr per påmelding vidare.

Deltakaravgifter 3. mai til absolutt siste påmeldingsfrist 16. mai:
Junior og C-klassingar solo/gruppe/lag: kr. 300 for første påmelding, 150 kr per påmelding vidare. 
Senior og - A, -B og - D klassingar solo/gruppe/lag: kr. 450 for første påmelding, 225 kr per påmelding vidare. 

Alle som deltek på Landskappleiken må være medlemmer i FolkOrg. Les meir her: www.folkorg.no/meld-deg-inn-i-folkorg eller send ein e-post til jorun@folkorg.no så vil ho hjelpe deg. Vi oppmodar alle deltakarane om å lesa tevlingsreglane for den/dei klassane dei skal delta i: https://folkorg.no/tevlingsreglement/

Den førebelse tevlingsplanen finn du her: Tevlingsplan for Landskappleiken 2022
I år vert det heile fire ulike finaler: kongepokalfinaler i durspel og spel fele, Fureprisfinale og finale i spel hardingfele C. Alle finalene vil finne stad laurdag kveld. 

Ved spørsmål i høve påmeldingssystem, tevlingsreglement m.m., ta kontakt med FolkOrg v/ Sina Myhr:
Mob: + 47 95 44 25 92
e-post: sina@folkorg.no 

 

I tillegg til tevlingane som tek til onsdag ettermiddag, vert det eit innhaldsrikt kulturprogram gjennom heile kappleiksveka. Du kan lese meir om heile kulturprogrammet her: 
Kulturprogram for Landskappleiken 2022

Har du ikkje fått tak i overnatting enda? Det er framleis mange ledige rom på Gausta, kor det også vil bli sett opp buss til og frå gjennom heile veka. I tillegg finns det moglegheiter for kappleikscamping, klasseromsovernatting og privat overnatting. Meir informasjon og kontaktinfo til overnattingsansvarleg finn du her: Overnatting på Rjukan

 

LK19.jpg

Elisabeth Ellingsen og Jon Bugge Mariussen, Landskappleiken 2019. Foto: Knut Utler