Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Anne Storkjørren

Vågå Taxi

Vågå Taxi vil ha merka haldeplass på perkeringsplassen på Halland, ved innganegn til arena under kappleiken.

Det blir sett opp ei indre trafikksone mellom Vågå Hotel og Vanglandet turistsenter, Smedsmo camping og kulturhuset.

Minstepris kr 100, ved 1-4 passasjerar. + 25,- per passasjer frå fem.

For passasjerar utanfor denne trafikksona, vil det vera taksameterpris med 15% rabatt.

Betal gjerne med kort eller vipps.

 

Vågå Taxi

Birger Kongsrud og Anne Storkjørren

Foto: Avisa Fjuken

Ole Jacob og Helge

Ikkje alle kappleikar har eigne felemakarar

Ikkje alle kappleikar har eigne felemakarar rett over vegen for arena slik som Vågå – felemakarar med meisterbrev og merittlister som gjer at folk kjem langvegsfrå med instrumenta sine for reparasjon, eller for å handle nye.

Under Landskappleiken held dei ope kvar dag frå 9-17, og etter avtale. Og ikkje minst vil det vera open felemakarkafe på verkstaden Søre Bu.

Billettbånd_illustrasjon

Billettar og billettprisar for Landskappleiken 2019

Her finn du informasjon om billettar og prisar for Landskappleiken i Vågå. Merk at det er nokre konsertar du kan bestille deg billett til allereie no! Dei må du enten ringe og legge av i servicetorget i Vågå kommune på tlf 61 29 36 00, eller reise innom og kjøpe.