Åsengfløyta

Åsengfløyta er ein pris sett opp av Vinstra vidaregåande skule, som har landsdekkjande musikkline med fordjuping i folkemusikk. Prisen skal rullere i dei ulike juniorklassane innan spel og vokal, og er i 2019 sett opp i klassa for Vokal C.

Vandrepremiar

Spel hardingfele
Vandrepremie gjeven av Stiftelsen Norsk Kulturarv: Blomstervase i sølv. Vandrepremien må vinnast tre gonger.

2016: Ottar Kåsa
2017: Jan Beitohaugen Granli
2018: Per Anders Buen Garnås

Under Landskappleiken i Oppdal 2008 fekk Landskappleiken Olavsrosa av Norsk Kulturarv. Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa viser veg til eineståande opplevingar rotfesta i den norske kulturarven.

Vokal
Vandrepremie gjeven av Nationen: Vinkjølar i tinn. Vandrepremien må vinnast tre gonger.

2009: Ingebjørg Bratland
2010: Unni Boksasp
2011: Unni Boksasp
2012: Gro Kjelleberg Solli
2013: Ingvill Marit Buen Garnås
2014: Odd Nordstoga
2015: Unni Løvlid
2016: Margit Myhr
2017: Øyonn Groven Myhren
2018: Margrete Nordmoen

Dans hardingfele
Vandrepremie gjeven av Norsk Flid Husfliden Fagernes AS: To hanelysestakar frå Tveit Smie på Hundorp i Gudbrandsdalen. Vandrepremien må vinnast tre gonger.

2015: Ami Petersson Dregelid og Håkon Dregelid
2016: Stian Roland og Tone Voldhaug
2017: Ingebjørg Bratheim Bø og Ola Narverud
2018: Hege S. Johnrud og Sigbjørn Rua

Halling
Vandrepremie gjeven av Svorka Energi AS: Litografien ”Dansere”, laga av Steinar Hansen. Vandrepremien må vinnast tre gonger.

2015: Hallgrim Hansegård
2016: Sigbjørn Rua
2017: Ulf-Arne Johannessen
2018: Ådne Reinhold Geicke Kolbjørnshus

Dans fele
I år er det sett opp ny vandrepremie i dans fele. Denne premien er gjeven av Sparebank 1 Lom og Skjåk. Vandrepremien er to litografi laga av Olav Bjørgum. Vandrepremien må vinnast tre gonger.

Fureprisen og furestipend
I 2010 fekk FolkOrg eit unikt tilbod om å dele ut store pengepremiar til lovande unge musikarar og songarar i 5 år. Under Landskappleiken frå 2010 – 2014 vart det delt ut ein hovudpris på 50.000 kr til ein deltakar under 25 år, uansett klasse innan musikk. FolkOrg fekk vidare forlenga ordninga t.o.m. Landskappleiken 2019. Vinnaren av Fureprisen får tilsvarande pengepremie som tidlegare år, samt tilbod om å spele konsert under årets Folkelarm frå 14-17. november. I tillegg til hovudprisen på 50.000 kr, vert det som tidlegare år også delt ut 10.000 kr i stipend til vinnarane av C-klassane, dersom domarane meiner dei gjer det særskilt godt eller syner spesielle talent. For musikarar og kvedarar er det Furestiftinga som gjev hovudprisen og stipenda. FolkOrg set sjølv opp premiar på same vilkår for C-klassane i dans.

Furestiftinga som står bak desse prisane er oppretta etter ynskje frå den framståande forretningsmannen Knut Fure og kona Elisabeth. Avkastninga frå fondet skal gå til støtte for klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk.

Tidlegare vinnarar av Fureprisen:
2010: Ingebjørg Harman Bratland (vokal kl. A) frå Vinje i Telemark.
2011: Bjørn Kåre Odde (fele kl. A) frå Lom i Gudbrandsdalen.
2012: Jørgen Nyrønning (fele kl. A) frå Ålen i Sør-Trøndelag.
2013: Erlend Apneseth (hardingfele A) frå Jølster i Sogn og Fjordane.
2014: Mari Midtli (vokal kl. C) frå Sel i Gudbrandsdalen.
2015: Tor Hoslemo (hardingfele A) frå Bykle i Setesdalen.
2016: Sivert A. Holmen (hardingfele kl. A) frå Aurdal i Valdres.
2017: Hans P. Kjorstad (fele kl. A) frå Harpefoss i Gudbrandsdalen
2018: Bendik Smedåsgjelten Qvam (Eldre folkemusikkinstrument sr.) Tynset i Østerdalen

Kongepokal
Landskappleiken har fått kongepokal tildelt regelmessig sidan fyrst på 1980-talet, og kvart år sidan 1992. I 2019 er Kongepokalen sett opp i spel hardingfele.

Kongepokalane har sidan 1992 vorte sett opp slik:

Spel fele: 1980, 1992, 1999, 2005, 2013

Spel hardingfele: 1981, 1988, 1998, 2004, 2011, 2019

Halling/lausdans: 1984, 1993, 2000, 2007, 2015

Vokal folkemusikk: 1987, 1994, 2001, 2008, 2016

Dans til hardingfele: 1989, 1995, 2002, 2009, 2017

Dans til fele: 1988, 1996, 2003, 2010, 2018

Eldre folkemusikkinstrument: 1990, 1997, 2006, 2014

Durspel: 2012

Desse har tidlegare vunne Kongepokal i spel hardingfele:
1981: Knut Hamre
1988: Hallvard T. Bjørgum
1998: Alf Tveit
2004: Jan Beitohaugen Granli
2011: Ottar Kåsa

Lokale premiar på Landskappleiken i Vågå 2019
Vi har som tidlegare satsa på stuttreiste og lokalproduserte premiar

Den lokale bedrifta Jutulskinn leverer ein del av premiane, kaffiposar og sitteskinn. Dei har verkstad i sentrum der dei garvar, syr, designar og rekonstruerer prydplagg og bruksgjenstandar.

Vågå husflidslag er veldig aktive, dei leverer sauskinn med trykk som premiar.

Spekepølser produsert frå lokalt jaktlag er premie. Matkasser med lokale ostar med lite attåt er premie til grupper og lag. Det er ostar frå Avdem på Lesja, Tine på Dovre og Valbjør i Vågå. 

Deltakarpremiane for deltakarane i dei yngste klassene er matbillett som kan brukast i matteltet under Landskappleiken.

Det er pengepremiar i finaleklassene:
Kongepokalklassa, Spel hardingfele A: seks, fire og to tusen kroner
Spel fele A: Tre, to og eitt tusen kroner
Vokal A: Tre, to og eitt tusen kroner

Kongepokal_Foto_Thomas_Westling_500x333.jpg

Foto: Thomas Westling