For Landskappleiken på Rjukan har vi fokus på lokale premiar som skal vera noko å ha, og noko å bruke.
Flotte lokale premiar!
Tone Mårdalen Hasle - Grafisk trykk, linosnitt.
Luråsgard og Ingrid Sundbolien - Sitjeunderlag i saueskinn.
Haugen Treindustri – Skjerefjøl i lønn, tresleiv og steikjespade
Knivmakerar i Tinn - Kniv
Kjell Christian Midtgård - Helland Bok
Åsne Vaagen - Veske
Arne Olesrud - Treskrin
Spelemannslaget Sullarguten - Bok; Talleiv Røisland
Johan Vaa og Kjell Bitustøyl - Bok; Reinen på Hardangervidda
Eldbjørg Vaagen - Smykke
Hjartdal og Gransherad Sparebank - Sylje
Øystein Haugen – Hardingfele av Knut E. Steintjønndalen
Takk til alle som har bidrege med premiar til årets Landskappleik!
Nokre har sponsa, andre har del-sponsa og noko er kjøpt.
Åsengfløyta
Åsengfløyta er ein pris sett opp av Vinstra vidaregåande skule, som har landsdekkjande musikkline med fordjuping i folkemusikk. Prisen skal rullere i dei ulike juniorklassane innan spel og vokal, og er i 2022 sett opp i klassa for Spel fele C.
VANDREPREMIAR
Spel hardingfele
Blomstervase i sølv
Gjeve av Stiftelsen Norsk Kulturarv
Må vinnast tre gonger, og er vunne av desse:
2016: Ottar Kåsa
2017: Jan Beitohaugen Granli
2018: Per Anders Buen Garnås
2019: Alexander Aga Røynstrand
Vokal
Vinkjølar i tinn
Gjeve av Nationen
Må vinnast tre gonger, og er vunne av desse:
2009: Ingebjørg Bratland
2010: Unni Boksasp
2011: Unni Boksasp
2012: Gro Kjelleberg Solli
2013: Ingvill Marit Buen Garnås
2014: Odd Nordstoga
2015: Unni Løvlid
2016: Margit Myhr
2017: Øyonn Groven Myhren
2018: Margrete Nordmoen
2019: Mari Midtli
Dans hardingfele
To hanelysestakar frå Tveit Smie
Gjeve av Norsk Flid Husfliden Fagernes
Må vinnast tre gonger, og er vunne av desse:
2015: Ami Petersson Dregelid og Håkon Dregelid
2016: Stian Roland og Tone Voldhaug
2017: Ingebjørg Bratheim Bø og Ola Narverud
2018: Hege S. Johnrud og Sigbjørn Rua
2019: Ingebjørg Bratheim Bø og Ola Narverud
Halling
Litografien ”Dansere” av Steinar Hansen
Gjeve av Svorka Energi
Må vinnast tre gonger, og er vunne av desse:
2015: Hallgrim Hansegård
2016: Sigbjørn Rua
2017: Ulf-Arne Johannessen
2018: Ådne Reinhold Geicke Kolbjørnshus
2019: Torkjell Lunde Børsheim
Dans fele
To litografi av Olav Bjørgum
Gjeve av Sparebank 1 Lom og Skjåk
Må vinnast tre gonger, og er vunne av desse:
2019: Solveig Brekke Hauknes og Ole Nilssen
Fureprisen og furestipend
FolkOrg har sidan 2010 fått dele ut Furepris og Furestipend på Landskappleiken. Fureprisen er på 50 000 kr og skal gå til ein deltakar under 25 år, uansett klasse innan musikk. Vinnaren får i tillegg tilbod om å spele konsert under årets Folkelarm 24.-27. november.
I tillegg til hovudprisen på 50.000 kr, vert det som tidlegare år også delt ut 10.000 kr i stipend til vinnarane av C-klassane, dersom domarane meiner dei gjer det særskilt godt eller syner spesielle talent. For musikarar og kvedarar er det Furestiftinga som gjev hovudprisen og stipenda. FolkOrg set sjølv opp premiar på same vilkår for C-klassane i dans.
Furestiftelsen som står bak desse prisane er oppretta etter ynskje frå den framståande forretningsmannen Knut Fure og kona Elisabeth. Avkastninga frå fondet skal gå til støtte for klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk.
Tidlegare vinnarar av Fureprisen:
2010: Ingebjørg Harman Bratland (vokal kl. A) Vinje i Telemark.
2011: Bjørn Kåre Odde (fele kl. A) Lom i Gudbrandsdalen.
2012: Jørgen Nyrønning (fele kl. A) Ålen i Sør-Trøndelag.
2013: Erlend Apneseth (hardingfele A) Jølster i Sogn og Fjordane.
2014: Mari Midtli (vokal kl. C) Sel i Gudbrandsdalen.
2015: Tor Hoslemo (hardingfele A) Bykle i Setesdalen.
2016: Sivert A. Holmen (hardingfele kl. A) Aurdal i Valdres.
2017: Hans P. Kjorstad (fele kl. A) Harpefoss i Gudbrandsdalen
2018: Bendik Smedåsgjelten Qvam (Eldre folkemusikkinstrument sr.) Tynset i Østerdalen
2019: Helga Myhr (hardingfele kl. A) Ål i Hallingdal
Kongepokal
Landskappleiken har fått kongepokal tildelt regelmessig sidan fyrst på 1980-talet, og kvart år sidan 1992. I 2022 er Kongepokalen sett opp i Spel fele A og Durspel senior.
Kongepokalane har sidan 1992 vorte sett opp slik:
Spel fele: 1980, 1992, 1999, 2005, 2013, 2022
Spel hardingfele: 1981, 1988, 1998, 2004, 2011, 2019
Halling/lausdans: 1984, 1993, 2000, 2007, 2015
Vokal folkemusikk: 1987, 1994, 2001, 2008, 2016
Dans til hardingfele: 1989, 1995, 2002, 2009, 2017
Dans til fele: 1988, 1996, 2003, 2010, 2018
Eldre folkemusikkinstrument: 1990, 1997, 2006, 2014
Durspel: 2012, 2022
Desse har tidlegare vunne Kongepokal i spel fele:
1980: Ivar Schjølberg
1992: Mari Eggen
1999: Tron Steffen Westberg
2005: Gjermund Larsen
2013: Andreas Bjørkås
Desse har tidlegare vunne Kongepokal i durspel:
2012: Øyvind Sandum
Oversikt over Kongepokalvinnarar ved Landskappleiken frå 1980 fram til i dag
Her kan du sjå kven som er deltakarar ved Landskappleiken i 2022