Her kan de sjå bilete frå Landskappleiken 2019: https://www.flickr.com/photos/82915246@N03/
Desse bileta kan nyttast av media til pressearbeid mot kreditering av fotografen.

Utøvarane som er på bileta kan kun nytte desse til private føremål, eks profilbilete på facebook mot kreditering av fotografen. Dersom bileta skal nyttast til andre ting, til dømes promotering av konsertar eller arrangement må ein ta kontakt med fotografen for å avklare bruk.

Illustrasjon_Flickr

Tusen takk til våre flinke fotografar: Knut Utler, Runhild Heggem, Thomas Westling og Audun Stokke Hole!

Albumet er ikkje komplett, men vi freistar å leggje til fleire bilete i dagane som kjem.