Sjokoladekappleik er eit fenomen som har funnes nokre år, slik at nemninga tradisjon er på sin plass. Fyrste gongen nemninga blei bruka, var på Voss i 1998, så blei konseptet vidareutvikla i Bø og Seljord. 

Tanken bak er å gjeva eit tilbod til dei aller yngste utøvarane, som kanskje ikkje har nådd så langt i tame og dugleik, men som syner glede over å kunne spela, danse eller syngje litt. Premie - til alle - er noko med stor praktisk nytteverdi - sjokolade!

Tid og stad vil bli fredag 24. juni kl 10:00 - 15:00 i kinosalen i Rjukanhuset.

Registrering 09:00 - 09:45

Me ynskjer fyrehandspåmelding, og har sett grensa ved 100 innslag. Bruk påmeldingsskjemaet under.

Tilbodet er gratis, og gjeld for aldersspennet 4 - 14 år. 

 

Har du spørsmål?
Ta kontakt med Lars Erik Øygarden
tlf. 918 21 922
E-post: ​sjokoladekappleik2022@landskappleiken.no