Dato: fredag 24. juni
Klokkeslett: 10.00 - 15.00
Stad: Rjukanhuset - kinosalen
Registrering: 09.00 - 09.45
Alder: 4 - 14 år
Det er gratis å delta

Sjokoladekappleik er eit uformelt arrangement der ungar som driv med dans, spel og kveding kan delta. 

I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade. Dette er ei god trening i å opptre, og målet er å få så mange unge som råd fram på scena. For unge utøvarar innan folkemusikk har dette tiltaket vist seg som eit svært motiverande mål å arbeide mot, og slik er det blitt eit viktig ledd i rekrutteringa. 

Det er viktig å ha ein arena for å vise fram det ein driv med innan musikk og dans, og det er viktig å starte i ung alder for å bli trygge på scena. Først og fremst er det moro på Sjokoladekappleik! 

Me ynskjer fyrehandspåmelding, og har sett grensa ved 100 innslag. 

Bruk påmeldingsskjemaet under for påmelding. 
 

Har du spørsmål?
Ta kontakt med Lars Erik Øygarden
tlf. 918 21 922