Vi tek opp att braksuksessen frå 2016 med konkurranse i spektakulære godkarsstykkje ved Lasaronstolpen i sentrum. Dette vil foregå frå kl 12.00 på laurdag 29. juni. Gratis deltaking.

Konkurransen er delt inn i to klassar: opp til og med 16 år, og frå 17 år og til uendeleg staurgammalt. Her gjeld prinsippet The winner takes it all. Vinnar av barne- og ungdomsklassa får 2000 kr i premie, vinnar av vaksen klasse får 3000 kr i premie.

Påmelding går til Vegar Vårdal på vegar@kultivator.no, eller til tlf 952 27 574 heilt fram til start.

Dommarpanelet vil bestå av habile hallingdansarar, mellom andre Simon Løvald Hesselberg, samt ein representant frå frikøyringsmiljøet, Eirik Schjølberg.
Øyvind Sandum vil spele rivande gode hallingar til.

Sponsorar til premiar er Vågå Kommune og Sparebank 1 Lom og Skjåk.

Folkehav godkarstykjy Foto Ketil Sandviken GD.jpg
Foto frå Godkarstykkje Landskappleiken 2016.
Fotograf: Ketil Sandviken