På Landskappleiken i år blir det 494 startnummer fordelt på 1620 deltakingar. Dette er 50 startnummer fleire enn på fjorårets Landskappleik i Trysil, og 90 fleire enn på Røros i 2017. Det er tusen unike deltakarar på kappleiken, noko som er det høgaste talet i nyare tid. Det er generelt god deltaking, og som tidlegare år er lagdans sr. og lagspel sr. dei største klassane, samt hardingfele kl. B. 

Startlistene finn du på www.startliste.folkorg.no

Her finn du oppdatert tevlingsplan for Landskappleiken

Kongepokal i spel hardingfele  
Eit av høgdepunkta i år vert A-klassa i spel hardingfele, som er klassen H. M. Kongen har sett opp kongepokal i på Landskappleiken. Det er åtte år sidan det vart tevla om kongepokal i spel hardingfele sist, og i Vågå er det 23 deltakarar som skal kjempe om pokalen. Finalen blir laurdag kveld. Denne kvelden er det også finalar i vokal kl. A og spel fele kl. A.  Fureprisfinalen blir under meisterkonserten søndag ettermiddag.  

Offisiell opning av statssekretær Frida Blomgren 
I Vågå er det eit innhaldsrikt kulturprogram desse kappleiksdagane. Onsdag 26. juni er det opningskonsert i Vågåhallen med lokale spelemenn og dansarar. Den offisielle opninga blir ved statssekretær Frida Blomgren. Torsdag er det konsert i Vågå Kyrkje med eit stjernelag av musikarar som Ronny Kjøsen har med seg. Fredag kveld er det konserten «Vågåkvelden – Han var hoga heim» i Vågåhallen, og seinare på kvelden er det eksklusiv kveldsseto på Sve Gardsbrenneri.  Laurdag er det konsert med Beck og Skeidsvoll på utescena i sentrum, samt folkemusikkmesse seinare på dagen. I tillegg til alt dette, blir det barnekurs, plateslepp, eL-sykkeltur, program i sentrum, godkartevling og sjokoladekappleik. Kappleiken blir som vanleg avslutta med meisterkonsert søndag ettermiddag. I år er vi ekstra krye av at høg beskyttar av FolkOrg, Hennes Majestet Dronning Sonja, skal besøke meisterkonserten.

Dansespel 
Det er framleis att ledige plassar på dansespellista laurdag kveld. Vi oppmodar derfor solistar, lag og grupper til å melde seg på, og særleg utøvarar som spelar bygdedans.

Her kan du lese startlistene til Landskappleiken 2019 

For eventuelle spørsmål, ta kontakt med Ingrid Schei Stuhaug: 

E-post: ingrid@folkorg.no 
Tlf.: 900 16 334

 

Vågå2_foto_RunhildHeggem.jpg
Vågå dansarlag på Landskappleiken i Trysil 2018.
Foto: Runhild Heggem