I år har vi rekordpåmelding i Spel hardingfele kl. B med heile 45 deltakarar! Dans hardingfele kl. B er den nest største klassa med 33 startnummer. Lagspel senior har 22, og Lagdans senior 26 startnummer. Etter påmeldingsfristen gjekk ut har vi vore nødt til å tilpasse tevlingsplanen og enkelte klassar har bytt dag. Dette gjeld Lagspel junior, Dans fele C, Spel fele B og Halling A.

Her finn du oversikt over alle klassene med deltakarar og startnr

Her finn du gjeldande tevlingsplan for Landskappleiken 2022
 
Kongepokal i Durspel og Spel fele
H. M. Kongen har sett opp heile to Kongepokalar på Landskappleiken i år. Desse er satt opp i klassene Durspel senior og Spel fele A. Dette er andre gongen i historia at det vert tevla om Kongepokal i Durspel, den første gongen var på Landskappleiken på Otta i 2012. Førige gong det vart tevla om Kongepokal i Spel fele var på Landskappleiken på Røros i 2013, i år blir kongepokalen delt ut for sjette gong i denne klassa. 13 deltakarar har meldt seg på i klassa for Durspel og 15 deltakarar i Spel Fele.

Finalar
I år vert det også finale i Spel hardingfele C, med ei gjev Steinkjøndalfele som hovudpremie. Det er kappleiksgeneralen sjølv som har sett opp denne premien og du kan lese meir om historia bak her: Kappleiksgeneralen gjev bort fela si! 
For ellevte gong blir det arrangert Fureprisfinale på Landskappleiken. Prisen skal gå til ein utøvar under 25 år. Alle finalene vert arrangert laurdag kveld, og resultata vert presentert på Meisterkonserten sundag ettermiddag.

Instrumentutstilling
I år er det instrumentutstilling på Landskappleiken og denne utstillinga kan ein besøke fredag og laurdag under kappleiken mellom kl. 12:00 – 18:00. Utstillinga vert ved sidan av stemnekontoret på Rjukan Vidaregåande skule.

Eit rikt kulturprogram
I tillegg til tevlingane, er det eit rikt kulturprogram ut over kappleiken. Onsdag 26. juni arrangerast opningskonserten "Sagt og spela - bilete frå folkemusikksoga i Telemark". Her får de møte Åsmund Nordstoga saman med eit tredvetal lokale spelemenn og dansarar. Andre konsertar som er verd å merke seg er konserten med Knut Buen og Knut Hamre på Gvepseborg med utsyn mot Gaustatoppen, intimkonsertane Dahle-arven og Ågot og leiken, kor sistnemnte fortel om langeleiktradisjonen i Telemark. Det vert arrangert eit eksklusivt kvedarcruise på Tinnsjøen med seks kvedarar frå Tinn, Vinje og Setesdal og fredag kveld arrangerast ein storslått konsert i Såheimshallen – Opus 72 kor de får møte Knut Buen, Ragnhild Hemsing, Lars Ingar Meyer Fjeld, Håvar Gimse og Joar Lurås.

Her finn du oversikt over heile kulturprogrammet

Dansespel
Det vert dansespel på fleire golv, oversikta vert lagt ut snart