I januar 2018 vart det gjort ein del endringar i tevlingsreglementet for Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk, sjå oversikt over endringane her.

Styret i FolkOrg har valt å gjere om på punktet om finaler på Landskappleiken, og har på første styremøte i 2019 bestemt at alle A-klassane/seniorklassane (solo-klassar, halling og pardans) skal vere med i finale-rulleringa på Landskappleiken.

Her kan du lese kva klassar det skal vere finale i på Landskappleiken i åra framover:

2019: Spel hardingfele (KP), spel fele, vokal

2020: Durspel (KP), halling, eldre folkemusikkinstrument

2021: Spel fele (KP), vokal, dans hardingfele

2022: Eldre folkemusikkinstrument (KP), dans fele, durspel

2023: Halling (KP), spel hardingfele, dans hardingfele

2024: Vokal (KP), durspel, dans fele

2025: Dans hardingfele (KP), halling, spel fele

2026: Dans fele (KP), eldre folkemusikkinstrument, spel hardingfele

KP = Det vert søkt om kongepokal til denne klassen.


På Landskappleiken i Vågå 2019 vert det sett opp kongepokal i spel hardingfele, og i tillegg vert det finale i spel fele og vokal.


Oppdatert tevlingsreglement finn ein her

Endringar i tevlingsreglementet for Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk