Dato: fredag 24. juni 
Klokkeslett: 14.00 - 16.00
Stad: Baptistkyrka

To plateslepp på rappen

Fredag skal Etnisk Musikklubb ha to plateslepp i Baptistkyrkja på Rjukan.

-Vi har to spennande cd-plater med lokal tilknyting som me skal presentere, seier utgjevar Veslemøy Fjerdingstad.

Kl 14 blir det slepp dei «Kvilesteinen» av Tor Johan Bøen. Der presenterer han slåttar for hardingfele av Svein Haugetrå.

Haugetrå var frå Busnesgrend på vegen mellom Gransherad og Rjukan, så det er i høgste grad lokalt.

Ein time seinare er det presentasjon av plata «Frå morgon til kveld» med spelemannen Knut Myrann. 90-åringen stiller på scenen i D-klassa også i år samstundes som om han altså er plateaktuell. På ein del av spora på CD-plata er også gamaldansgruppa «Knut Halvards» med.

Opptaka på denne plata er gjort på Lurås-stemnet i Tinn, så her er det også ein lokal link, seier Veslemøy Fjerdingstad i Etnisk Musikklubb