Vi går i fotspora åt segnomsuste Fel-Jakup denne kvelden, og vi får spel både frå vest aust og sør. Det blir både lokale aktørar og gjestar frå andre område, det blir solospel, samspel og song.
Bygdom millom fjell og fjor
for han spelarferda.
Enno rekkjer dei hans spor;
finn att tonegjerda;
kjenner dei som etter kom
dragje tå ‘om Jakup Lom.
Tore Ørjasæter, «Fel-Jakup»
Fel-Jakup vart født i 1821. Heilt frå han var født i eit fjos på garden Bruheim, vart det eit hardt liv med få ressursar. Han var ei rastlaus sjel, og fyrst i tenåra vart han med gjengen til Fant-Karl ut på reise. Jakup vart i denne periode god til å spele. Han kom att til bygda som heilt eineståande på fela, men var nok «framand» i spelet for mange. Tor Jonsson skriv i diktet «Død spelmann»:
Vi tykte alle tonar var framande her.
Vi bad han spela springar om nordavin og ver.
Han spela så vi spotta, vi spotta han død.
Vi sa at han døydde av altfor lite brød.
Lite heidra i samtida, men heidra etter hans død. Det var eit stort stemne på 100-årsmarkering, med bautareiseing og kappleik. Olav Aukrust sa den gongen at i Norge har det ikkje vore bra kunst på 700 år. «Men det ekte bygdenorske som Fel-Jakups kunst representerte, gjev enda håp.»
Denne konsertframsyninga blir ein storslått kveld for ein storslått spelmann. Med m.a. Astrid Sulheim, Ottar Kaasa, Britt Elise Skram, Ole Erik Feragen, Bjørn Kåre Odde, Sander Tingstad, Fjellite, Lom spelmannslag, Lomsklangen, Ragnhild Kvåle Olstad og mange mange fleire.
Tid: Fredag 23.06 kl 20:00
Stad: Hallen
Billettpris: 350 kr
Billettpris under 16 år: 200 kr
Konsertbillett gir også inngang til dansefest på kappleiksområdet etter konserten.
Billettar får du kjøpt på stemnekontoret eller i billettbua
NB! Nettbutikken for billettsalg er no stengt.
Alle som har kjøpt billett via nettbutikken tidlegare må hente ut den fysiske billetten sin på stemnekontoret.