Dato: Torsdag 23. juni
Klokkeslett: 18:00 – 20:00
Stad: Rjukanhuset - storsalen
Gratis inngang for alle junior deltakarar på Landskappleiken.
“Gnistfonden for unge” v/ Eva Fischer, som gjev ut Gnist-prisen, sponsar mat og drikke til ei trivelig sosial samling til alle juniorar som deltek på Landskappleiken. Gnist-prisen vert gjeven til eit lag som jobbar med folkedans for barn og ungdom og vert delt ut laurdag 25. juni i samband med Halling klasse A.
På ungdomssamlinga torsdag kveld blir det servert pizza og brus, vi får besøk av gjengen frå FolkLeiarUng og det blir både spel og dans.
MERK: Alle juniorar som deltek på kappleiken er inviterte til samlinga – ikkje berre dei som deltek i dans! :-)
Tusen takk til Eva som har sett i gang dette flotte tiltaket, og gjev sponsormidlar til at vi ha Gnist-pris og ungdomssamling også i år!
Foto av: Folkemusikk UNG - Valdres
Fotograf: Johan Røed