Ungdomssamling
For alle som deltek i junior- og C-klassane
Fredag 28. juni kl. 19.30 - 21.30
Vågå hotell


Under Landskappleiken i Trysil i 2018 kom det over hundre ungdommar på ungdomssamling utanfor idrettshallen, sjølv om veret ikkje var på vår side. I år blir samlinga lagt til Vågå Hotel. Vi kan lova gode moglegheiter for eting, dans og spel, og vi håpar mange kjem! Vågå Hotel serverer sin eigen pizza, og ryktene seier at denne skal vere veldig god. Hotellet gler seg på å ta i mot mange flotte ungdommar og vi håpar mange kjem, for det er bestilt rikeleg med mat.

Det er Efh Holding v/Eva Fischer som sponsar samlinga. I tillegg er Efh Holding gjevar av Gnist-prisen, som vil bli delt ut under Landskappleiken.
Gnist-prisen er på 15 000 kr, og går til eit lag som jobbar bevisst med å skape eit godt læringsmiljø blant barn og unge som dansar folkedans.

Servering av mat og drikke (PS: Sei frå om du har matallergiar.)
Ta med instrument og dansesko!
Ingen påmelding - berre møt opp!

 

Er det noko du lurar på?
Kontakt Øyvind Sandum
Tlf: 957 74 037
E-post: oyvind@folkorg.no

Ungdomssamling Trysil_AnbjørgMyhraBergwitz 2.jpg

 

oto: Anbjørg Myhra Bergwitz