Click here to find information in English

Meld deg som frivillig!
Vi treng mange frivillige til arbeid på Landskappleiken på Gol, dess fleire som melder seg tidleg til betre er det! 

Alle kan hjelpe til med noko, vi treng hjelp med små og store oppgåver. Dette kan vere matlaging, servering, rydding, vakthald, rigging av scene, fylje utøvarar til og frå scena, hjelpe til med å rigge campingplassar, lage aktivitetar for born og unge og mykje meir. 

Meld deg på for å vera med på ein sosial og morosam dugnad!

Dette får du som er frivillig på Landskappleiken 2024 - Gol:

T-skjorte
Invitasjon til dugnadsfest
1 vakt gjev valfri dagsbillett
1 matbillett per vakt
2 vakter eller meir gjev gjennomgangsbillett til Landskappleiken og meisterkonsert (unntaket er konsertar under arrangementet)

Dersom du kunne tenkje deg å vera frivillig så register deg i skjemaet som du finn under her og du får innhaldsrike dagar på Landskappleiken på Gol! 

Kontakt:
Frivilligansvarleg for Landskappleiken 2024
Gro Hagen Hallingstad
E-post: gro@landskappleiken.no