Påmeldingsfrista til Landskappleiken 2012 er forlenga til 20. mai.
www.paamelding.folkemusikk.no.
Det er framleis behov for private overnattingsplassar under kappleiken. Meld frå til Erna Furseth Tlf: 41 60 29 29 E-post: elfurset@online.no dersom du har noko du ynskjer å leige ut.
No kan de melde dykk på Landskappleiken her: www.paamelding.folkemusikk.no. Vi vonar at mange melder seg på slik at vi får ein stor og innhaldsrik kappleik! Frist for påmelding er 15. mai.
For fyrste gong i Landskappleikens historie vert det sett opp kongepokal i klassa durspel senior. Vi vonar dette fører til rekordstor påmelding i denne klassa under Landskappleiken på Otta!
Foto: Guro Vollen, Vigga
Laurdag 30. juni kjem Frikar til Landskappleiken på Otta med forestillinga 8.
Forestillinga kan du lese meir, om og sjå filmklypp frå her.
Alle som deltek på Landskappleiken må vera medlemmer i FolkOrg (organisasjonen for folkemusikk og folkedans i Noreg). Dette kostar kr. 220. Send ein e-post til jorun@folkemusikk.no så vil ho hjelpa deg. Dette gjeld kun innmelding i Folkorg - ikkje påmelding til deltaking på landskappleiken.
I tillegg må alle som deltek betala ei deltakaravgift per "startnr" til sjølve Landskappleiken. Det kostar kr 250,- for seniordeltakarar og 150,- for juniordeltakarar. Det vert mogleg å melde seg på landskappleiken rett over påske.
Dersom du ynskjer vognplass, teltplass eller innkvartering på klasserom kan du ta kontakt med:
Erna Furseth
Innkvarteringsansvarleg
Tlf: 41 60 29 29
E-post: elfurset@online.no
