Kven kan få presseakkreditering? 
Vi gjev akkreditering til medium med minimum eitt betalt årsverk for dei som driv med uavhengig, offentleg og redaksjonelt arbeid. Akkrediteringa er personleg og kan ikkje overdras til andre.  

Presseakkreditering vil gje tilgang til heile festivalområdet som er tilgjengeleg for publikum. På enkelte programpostar må pressa ha billettar. Dei som får presseakkreditering vil få oversikt over kva arrangement som ein må tinge billettar til. Eit medium kan totalt ha to billettar per arrangement, med atterhald om at det kan verta fullt.  

For å få presseakkreditering er det eit krav at ein skal publisere relevante nyheitssaker der Landskappleiken og/eller FolkOrg er nemnt. Landskappleiken/FolkOrg kan be om å få tilsendt saker i etterkant av arrangementet.  

Landskappleiken/FolkOrg tek atterhald om at det kan bli fullt på enkelte arrangement/konsertar.  

Rettigheiter til film, lydopptak og direktesending på Landskappleiken  
Det er lokal arrangør av Landskappleiken gjeldande år, og FolkOrg som har rettane til filmopptak og direktesending frå arrangementet.  

Det er ikkje ope for andre å sende direkte frå arrangementet eller ta opp film eller lyd frå arrangementet utan eige avtale om dette. Dette gjeld og direktesending i sosiale medium.  

Unntaket til filmopptak og direktesending er om nokon ønskjer å filme seg sjølv, eller at dei har avtale med familie/vener om å gjere opptak. Vi viser til gjeldande lovverk om kva ein kan publisere på nett av andre, dette gjeld og privatpersonar. 

Bilete 
Akkreditert presse kan publisere bilete frå tevlingar og andre offentlege arrangement. Dei som deltek på tevlingane har i forkant meldt frå om dei godtek at det vert publisert bilete av dei. Akkreditert presse vil få informasjon om det er nokon som har reservert seg mot publisering. Alle andre må sjølv innhente godkjenning etter gjeldande lovverk.  

Ordensreglar for presse på Landskappleiken 
På Landskappleiken er det tevlingane som er i fokus. Det er difor ikkje anledning til å forstyrre utøvarane som er på scena og det er heller ikkje anledning til å forstyrre publikum med som eksempel gå att og fram i salen/framfor scena.  

Det vert reservert plassar til presse på dei to–tre fremste radene i salen der dette er mogleg. Vi kan ikkje garantere at det er reservert plass til alle som ønskjer det, møt opp i god tid.  

Vern av utøvarar og publikum 
Vi ønskjer at utøvarar og publikum skal kunne være til stades på Landskappleiken utan å være redde for at deira deltaking i tevling, sosiale dans, samtalar eller buskspel skal verta spreidd på internett utan at dei er spurde og har samtykka til dette.  

 
Dette reglementet er oppdatert og vedteke i styret i FolkOrg 26. mai 2023.  
 


SØKNADSSKJEMA FOR PRESSEAKKREDITERING FOR LANDSKAPPLEIKEN 2024

Du må fylle ut alle felta merka * for å sende inn søknaden.