Stønadsordninga vert vidareført også for 2026
Styret i FolkOrg har vedteke å halde fram med stønadsordninga frå 2024 også i år. 
Stønadsordninga har som mål å senke terskelen for deltaking blant juniorar og C-klassingar på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

Dette er ei ordning som gjev støtte til lokallaga slik at dei kan dekke påmeldinga for juniorar og C-klassingar på Landskappleiken og Landsfestivalen, samt at lokallaget kan bidra med å dekke reiseutgifter/overnattingsutgifter for deltakande juniorar i samband med arrangementa. 

Ordna er slik at lokallaget kan få kompensert ei påmeldingsavgift til juniordeltakaren, samt reise- og overnattings på 1000kr. I 2026 er Landskappleiken på Hovden i Setesdal, så da er det slik at dersom lokallaget har tilhald i Møre og Romsdal, Trøndelag eller nordover, så får ein reisestøtte på 2000kr. Ein kan søkje om kompensasjon for deltaking i både junior- og seniorklasser (lagdans sr. og lagspel sr. til dømes. Det er altså lokallaget som må sende inn søknaden, og intensjonen er at lokallaget skal støtte opp om juniorar sin deltaking. Dette er ei lågterskelstøtteordning, så så framt junioren faktisk stilte i tevlinga, så trengs ikkje noko meir rapportering. Dersom ein person er medlem i fleire lag, er det berre eitt lag som kan få støtte til deltakinga for.


Vi publiserer søknadsskjema i august. 


Foto frå Landskappleiken 2024 - Anne Britt Seljord Amundsen, Guro Kleppe Høibo fekk 1.plass i klassa Dans hardingfele C
Foto: Knut Utler