Alle kan hjelpa til med noko!

Me treng hjelp med både små og store oppgåver. Kan du for eksempel hjelpa til med matlaging, servering, rydding, vakthald, rigging av scene, fylgja deltakarar til og frå scena, rigga campingplassar og arena, laga aktivitetar for born og unge, selja billettar eller steika vafler so er du velkomen som friviljug på Landskappleiken.

Ei vakt varar mellom 4 og 8 timar, avhengig av kva for nokre arbeidsoppgåver du får. Sidan den framleis er ei stund til kappleiken startar, kan me ikkje tildela konkrete arbeidsoppgåver endå. Kom gjerne med ynskjer for kva du helst vil arbeida med, so tek me kontakt etter kvart som sommaren og kappleiken nærmar seg. 

Meld deg på for å vera med på ein sosial og morosam dugnad. Du får oppleva Landskappleiken frå innsida og me lovar god stemning!

I tillegg til ein fin kappleik får du dette som friviljug:

  • T-skjorte
  • Mat og drikke undervegs i vakta
  • Invitasjon til dugnadsfest
  • Minst éi vakt gjev valfri dagsbillett (som du må bruka sjølv).
  • Minst to vakter gjev gjennomgangsbillett (som du må bruka sjølv) til arena/tevlingar inkl. Meisterkonserten. 

Kontaktinformasjon til frivilligansvarlig

Jori Gjelland Lid
Friviljugansvarleg
jori@landskappleiken.no
Tlf. 95459038

Klikk her for å melde deg som frivillig!