KAPPLEIKSCAMPING LANDSKAPPLEIKEN 2024
Området for kappleikscampingen er markert med raud pin i google kartet over, og er punkt nr 10 i kartet nederst i artikkelen. 

For Landskappleiken 2024 blir det etablert midlertidig festivalcamping på Vikojordet for: 
Telt
Campingvogn
Bubil 

Ønskjer du å bu på klasserom les meir her

Shuttlebuss
Det blir sett opp persontransport til faste tider mellom kappleikscampingen og kappleiksarenaen. Det tek heller ikkje meir enn 15 minutt å gå frå campingen til arenaen. Det er ein spasertur på 1,1 km som går gjennom Gol sentrum.  

Du kjøper ein fast plass på campingen
Når du kjem til festivalcampingen vil du bli vist din bestilte plass, det er ikkje mogleg å byte plassar. 

På campingen har vi
Toalett - festivaltoalett på området 
Tømmestasjon
Vatn - frå kraner
Straum (0,5kwh-1kwh) 

Dusj
Dusj i garderobeanlegg på Samfunnshuset ved tevlingsområdet.

Aldersgrense for bestilling av plass
Det skal vera ein person over 18 år tilknytt kvar campingvognplass/bubilplass som har ansvaret for vogn/bubil/bil.

Opningstider og innsjekk
Festivalcampingen opnar tysdag 25. juni klokka 14:00 og stenger sundag 30.juni klokka 18:00. 

Før oppmøte på stemnekontoret og kappleiksområdet må du parkere campingvogna på campingplassen. Dette for å unngå «kork».

Parkering
Det kan parkere ein bil på bestilt plass. 
Bilar som ikkje er tilknytt ein plass har ikkje tilgang til campingplassen. 

Sikkerheit på festivalcampingen
Festivalcampingen har vakt heile døgnet.Sjekk at brannutstyr, gassvarslar og røykvarslar er i orden før du kjem.

Det er ikkje lov å grille/bruke open eld på festivalcampingen.

Brannsløkkingsutstyret er markert med vimpel og plassert med ca. 50 meter avstand.

NB! Avstandskrav til campingvogn/-bil er 4 meter. Dersom vogner eller kjøretøy er over 8 meter, bør de tinge plassar opp mot teltområdet eller ned mot elva.

Avbestilling av plassar
Frist for avbestilling er 14 dager før Landskappleiken tek til. Avbestilling etter dette krev legeerklæring for rett til tilbakebetaling.

Du må godkjenne våre vilkår for å bestille deg plass på kappleikscampingen
Her kan du lese meir om kjøpsvilkåra for Landskappleiken på Gol 2024 


KONTAKTPERSONAR FOR OVERNATTING:

Torgeir Vestenfor
Overnatting - særskilt kappleikscamping
Telefon: 9598 0045
E-post: Torgeir@landskappleiken.no

Sissel Bjørøen
Overnatting - særskilt klasserom og privat overnatting
Telefon: 4803 2096
E-post: sissel.bjoroen@landskappleiken.no

Kappleikscampingen - punkt 10 i det nederste kartet på denne sida

Kappleikscampingen har fire felt du kan velge mellom. Kvart felt har unike plassar som kan kjøpast kun 1 gong. Du vel sjølv kva plass du vil ha når du klikkar deg inn i bestillinga, dette biletet er for å syne deg kvar felta ligg i forhald til kvarandre. 



Klikk på lenka under for å kome til bestillingssida
 

HER KAN DU LESE MEIR OM KAPPLEIKSCAMPINGEN OG BESTILLE DEG PLASS
 


 

Oversikt over kappleikscamping
Oversiktskart_Landskappleiken_Gol_2024

 


Vi treng fleire frivillige, meld deg gjerne til tjeneste!