Delt ut på Meisterkonserten

FolkOrg har sidan 2017 delt ut Gnist-prisen til lag eller prosjekt som jobbar særskild godt med opplæring i folkedans for barn og unge. Gnist-prisen delast ut på Landskappleiken, og vart i år delt ut i samband med Meisterkonserten i ein fullsett arena på Hovden. Det var Tone Todok, Inga Marie Hanserud, Maria Vaaje og Ingrid Skrindo som tok i mot prisen.

Her er juryen si grunngjeving for prisvinnarane i 2026:

Årets vinnar av Gnist-prisen har utmerkt seg gjennom eit tydeleg og målretta arbeid for å skape ein inkluderande arena for folkedans for ungdom og unge vaksne. Laget har lukkast i å senke terskelen for deltaking, og tek imot nye dansarar på ein open, trygg og pedagogisk måte – også for dei som ikkje har bakgrunn frå folkedans frå før. Samstundes har laget dei siste åra utvikla seg til å bli ein merkbart større og viktigare folkedansaktør i Oslo-miljøet.

Gjennom jamlege øvingar, kurs og sosiale aktivitetar har vinnaren etablert eit levande og attraktivt tilbod der deltakarane både får fagleg utvikling og eit sterkt sosialt fellesskap. Arbeidet er i stor grad drive av studentar sjølve, noko som bidreg til eigarskap, engasjement og rekruttering vidare inn i miljøet.

Årets vinnar viser ein tydeleg «alle skal med»-tankegang, der deltakarane sjølve får vere med å forme aktivitetane, og der inkludering, meistring og danseglede står sentralt. Gjennom sitt arbeid har laget bidrege til å nå ut til nye grupper og styrke rekrutteringa til folkedansen blant unge vaksne.

Årets vinnar av Gnist-prisen har dermed skapt eit viktig, inkluderande og berekraftig miljø for folkedans i ein livsfase der mange fell frå – og framstår som ein inspirerande modell for vidare arbeid i heile landet.

Årets vinnar av Gnist-prisen 2026 er Leikarringen Frøy!

Prisen er gjeven av Gnistfonden for Unge

Det er Gnistfonden for Unge som gjev prisen. Eva Fischer fortel om bakgrunnen for opprettinga av prisen:

“ Min erfaring er at folkedansmiljøet er et godt miljø for barn og unge, og vi har derfor lyst å støtte opp om det. Dette ved å gi penger til lag som jobber med både nivå og læringsmiljø i laget sitt. Lagene er en arena der en får opplæring, utvikler seg sammen, og der en kan føle seg hjemme. Det er viktig at barn og unge som driver med folkedans har et lag der alle har en plass, uansett ferdigheter og ambisjonsnivå.

Ungdommer er en sårbar aldersgruppe, og det er viktig at lagene jobber slik at de tar vare på dem. Ungdommene er også forbilder for nye dansere, og derfor viktige i rekrutteringsarbeidet. Det er motiverende at flere driver med samme hobbyen på en plass, og at man har et lag som er kjekt å være med i.”

Gnistfonden for Unge er oppretta av Eva, Nikolaj og Silje Fischer. Fondet er på DKK 4 millionar og skal delast ut i løpet av dei neste 10 åra. Fondet har som formål å hjelpe unge med utfordringar gjennom inkludering i dansk og/eller norsk kultur, og er ikkje avgrensa til å berre gjelde dans, song og kunst.

Fondet skal mellom anna støtte prosjekt med fokus på integrering av unge flyktningar og støtte ulike prosjekt, organisasjonar o.l. som har som formål å hjelpe unge med ulike, fysiske og/eller psykiske utfordringar. Fondet har eit vidare fokus på internasjonale prosjekt, der unge kan bli kjent med kvarandre på tvers av landegrenser og ulike kulturar.

Her kan du sjå andre vinnarar av prisen (lenkje).

Foto: Hans Jørgen Hjemdal/FolkOrg